Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Smørsundkjerringa i Krokane
På den avsidesliggjande plassen Krokane under Vestre Vikse budde den segnomsuste Smørsundkjerringa, Ingebrigta Jørgensdatter Storasund Vikse (1788-1861).Saka var på trykk i Haustvind 2015.
over heile Vestlandet for sine spesielle gåver som klårsynt, og folk, spesielt fiskarar, kom langvegsfrå for å få hjelp av henne. Staden er vanskeleg å koma til frå land, men låg nær områda for det store vårsildfisket, og det var lett for fiskarane å oppsøkja henne. I dag står berre tuftene att i Krokane, men segnene om Smørsundkjerringa lever framleis.
Ho var kjend
Enno i våre dagar går det ord om Smørsundkjerringa, som folk kalla henne. Ho kunne sjå ting som var skjult for andre, og ho gjorde det ved å stira i ein stamp med vatn som stod på golvet i den vesle røykstova der ho budde saman med mannen og barna sine.
Huset her ved fjorden var lågt og lite og hadde torvtak. Det hadde tre rom: kjøken, stove og sval. For å koma inn i stova måtte ein først gå gjennom kjøkenet. Stovevindauga var i vest og under glaset stod ein trebenk som var spikra fast til veggen. Elles var det ikkje andre møblar enn ein trestol og ein skammel i stova, men det hang ei klokke på veggen.
Den kloke kona visste råd for det meste, og mange søkte til henne for å få hjelp. Og ho sa aldri nei om dei kunne betala for seg. Dei laut alltid ha med seg ei flaske brennevin og minst to riksdalar. Ho hadde for vane å ta nokre supar av flaska før ho gjekk for å sjå i stampen, så det nytta ikkje å levera henne uekte vare. Men om ho var dyr, så tykte mange vel om henne; ho kunne finna både tjuvar og folk som var komne bort.
Me har ein del utsegner om Ingebrigta i Smørsund. Utsjånaden hennar sette støkk i mange. Ho kunne lamma folk berre med å setja dei mørke og stikkande augo sine i dei. Alltid var ho svart kledd; lita og mager, med lange negler og ein uvanleg smal og kroket nase. Det var mest ikkje råd å høyra henne når ho gjekk i huset.
Mannen hennar skal ha vore ein vesal kar. Det vert fortalt at dei hadde fleire barn. Truleg har denne familien ved Viksefjorden ikkje hatt stort andre midlar å livberga seg med enn dei inntektene som Ingebrigta skaffa med kunstene sine.
Folk reiste lange vegar for å treffa henne. Ein kar frå Torvastad hadde mist merra si. Han var svært vonbroten for tapet av den gode arbeidshesten og betalte kona med både dalarar og brennevin. Kjerringa såg i stampen sin og vitskremde mannen med å seia at sjølve Gamle-Erik hadde reist med hesten hans. Ho skulle likevel finna ei råd og bad han om å overnatta i uthuset hennar. For det var slik at ho laut venta til det vart mørkt før ho kunne gi seg til å tinga med hinmannen. Og det vart ein tale den natta så kvass og skrikande at karen la på røm det snøggaste han makta. Men det enda godt, for merra gjekk og beita attmed bøgarden då han kom heim.
Også ein kar frå Åkrehamn hadde god-ord å seia om Smørsundkjerringa. Ho hadde sett på foten hans som hadde grodd skeiv då han var liten gut. Ho las ei regle for skavanken, og etter åtte veker hadde foten vakse bein.
«Ho fann ut at mannen hadde pissa på dei underjordiske i vanvare»
Andre folk hadde sine røynsler med den kloke kona. Ein gav seg ut for å heita Lars. Men ho kalla han Ola. Og Ola heitte han. Kan henda var dette meisterstykket hennar noko mindre enn han sjølv trudde, for det var skrive ein O på begge vottane hans.
Frå heile Sør-Vestlandet kom det folk som ville ha hjelp av Smørsundkjerringa. Det hende også at ho vart bodsend. Ein mann frå Eike i Fister var brått blitt døvstum. Ingen ting såg ut til å hjelpa på han, same kva rådgjerder som vart prøvd. Så måtte den kloke kona av stad. Ho fann ut at mannen hadde pissa på dei underjordiske i vanvare, og dei hadde hemna seg på han. Ho hadde med eit pulver som ho pudra på noko som ingen fekk sjå – og dermed trolla ho bort heile sjukdommen. Det fanst ikkje maken til Smørsundkjerringa, ho greidde alt.
Kjelde: Alf Saltveit: Folkeliv og trollskap 1997