nyhende
Tilrår ikkje fritidskort
Rådmannen tilrår ikkje innføring av universelt fritidskort for unge i Sveio. I staden vil han framsnakka den målretta støtteordninga som kommunen alt har gjennom NAV.
Spørsmålet om innføring av fritidskort for unge var tema under kommunevalkampen i fjor haust. Fleire parti hadde fritidskortet med i sine program.
Oppfølging av vallovnad
Under budsjetthandsaminga i desember 2023 ba kommunestyret rådmannen å greia ut ei ordning for fritidskort for unge mellom seks og 18 år. Kommunestyret ba om å få denne utgreiinga før sommarferien. Manglande kapasitet er årsak til at utgreiinga først no er klar, forklarar rådmannen no. Hans vurderingar blir presenterte for hovudutval oppvekst og kultur komande måndag og går vidare til formannskap og kommunestyre.
Etter ei prøveordning som mellom andre Bømlo kommune var med på, har regjeringa trekt tilbake den statlege tilskotsordninga til universelle fritidskort. Innføring av eit slikt kort i dag må difor finansierast av kommunen åleine.
Kostbar ordning
Bømlo har valt å gjera dette for aldersgruppa 11-15 år. Fritidskortet for kvar av dei som er i denne aldersgruppa, har ein verdi på 2.000 kroner. Om Sveio skal innføra same ordning som Bømlo, vil det omfatta 448 born og unge og kosta 896.000 kroner. Dersom alle i aldersgruppa 6-18 år skal få fritidskort til 2.000 kroner, vil det omfatta 1.037 barn og unge og kosta nær 2,1 millionar kroner.
Kostnadene er årsak til at rådmannen rår politikarane til å ta utgreiinga til vitande utan å innføra universelt fritidskort.
Har tilbod allereie
I staden minner han om at NAV Sveio alt disponerer ein budsjettpost som kan nyttast til å hjelpa born og unge i kommunen som treng hjelp til å betala kontingentar, eigenbetaling for turneringar og liknande. Ordninga er tillitsbasert og ubyråkratisk og gjeld for familiar med vedvarande låg inntekt. Etter rådmannen si vurdering er det ikkje knytt noko stigma til det å motta hjelp frå denne ordninga, som han gjerne vil gjera betre kjent.
Konstituert leiar i NAV Sveio, Gro Styve, opplyser at den aktuelle budsjettposten er på 120.000 kroner for 2024.
Rådmannen minner også om at kommunen gir tilbod om ulike fritidsaktivitetar om sommaren i samarbeid med Sveio frivilligsentral.