nyhende

Oterstamma på Vestlandet er i vekst. Det er dårleg nytt for minken. Bildet viser ein oterfamilie i Vestland fylke.
Oterstamma på Vestlandet er i vekst. Det er dårleg nytt for minken. Bildet viser ein oterfamilie i Vestland fylke.

Det minkar på minken

Oterstamma på Vestlandet er i vekst. Det er dårleg nytt for den uønskte minken, og bra for artar som høyrer naturleg heime i norsk natur.

Publisert Sist oppdatert

Ved hjelp av viltkamera har forskarar i Norsk institutt for naturforsking (NINA) studert utviklinga av minkbestanden over lang tid.

Dei har samanlikna aktivitetsnivået til minken på stadar med høge bestandar av oter (Vestland fylke) med stader der oteren enno ikkje har reetablert seg (Agder). Derfor kan dei seie noko om korleis oter påverkar minkbestanden.

Totalfreda

Då oteren vart totalfreda i 1982 var den allereie utrydda i Sør-Noreg på grunn av stort jakttrykk. I dag finst det levedyktige oterbestandar heilt ned til Rogaland. I 2021 vart oteren klassifisert som «livskraftig» på Norsk raudliste for artar, etter å ha vore raudlista i mange tiår.

– Datagrunnlaget vårt tyder på at reetableringa av oter har ført til at aktiviteten til minken har gått merkbart tilbake. Det ser ut til at oteren utkonkurrerer mink i område der begge artane lever. I vårt studieområde i Vestland i kommunane Stord, Kvinnherad og Etne har bestanden av mink vore stabilt låg dei siste fem til seks åra, fortel stipendiat Steven Guidos i NINA i ei pressemelding.

Truleg aukande i Sveio også

At oteren fortrengjer mink er ei god nyheit for dei fleste bakkehekkande sjøfuglar som slit på grunn av minken. Rett nok har oteren også sjøfugl på menyen, men på langt nær i like stor grad som minken.

Det er ikkje oversikt over oterbestanden i Sveio, men Vestavind kjenner til at det er observert meir oter dei siste åra enn tidlegare. Eit anna teikn på at bestanden kan vera aukande, er ikkje fullt så hyggelege rapporteringar av oter som fallvilt, truleg påkøyrt. Meldingane har kome frå ulike stader i kommunen: juli 2023 Buavåg, september 2023 Rød og mars/april Søre Mølstre.

Har du møtt på oter og/eller har bilder av det sjarmerande dyret, vil me gjerne høyra frå deg!

Send ein e-post til tips@vestavind-sveio.no

Powered by Labrador CMS