I ei tid hadde Ingrid  Pedersen Furdal barnekor både i Førde og i Sveio. Ho starta også aspirantkor for dei minste ungane, og i dei seinare åra starta ho vokalgruppe for dei som hadde vakse ut av barnekora. Her SVeio barnekor saman med Ad Libitum under opninga av Soknehuset.
I ei tid hadde Ingrid Pedersen Furdal barnekor både i Førde og i Sveio. Ho starta også aspirantkor for dei minste ungane, og i dei seinare åra starta ho vokalgruppe for dei som hadde vakse ut av barnekora. Her SVeio barnekor saman med Ad Libitum under opninga av Soknehuset. FOTO: Arild SteinslandBilde 1 av 2
Ingrid 
Pedersen Furdal 
gjekk bort 
27. august, berre 65 år 
gamal.
Ingrid Pedersen Furdal gjekk bort 27. august, berre 65 år gamal. FOTO: ArkivBilde 2 av 2

Ingrid Pedersen Furdal til minne

Det var med stor sorg vi fekk meldinga tysdag 27. august om at Ingrid Pedersen Furdal var gått bort, berre 65 år gamal. Det var venta, men beskjeden var likevel tung å få. Våre tankar går til næraste familie; Ole Jørgen, Andreas Carlos og Astrid Yasmin og deira familie.

I 1993 fekk organistparet Ingrid og Ole Jørgen Furdal jobbane som organistar i Sveio. Dei flytta då frå Suldal og til Ingrid sin heimkommune, Sveio.

Sokneråda i Sveio ønskja å starte med barnekorarbeid i Sveio, og Ingrid tok utfordringa på strak arm. I 30 år heldt ho trufast på med barnekorarbeidet i Sveio, til ho slutta på grunn av sjukdom i 2023.

I ei tid hadde ho barnekor både i Førde og i Sveio. Ho starta også aspirantkor for dei minste ungane, og i dei seinare åra starta ho vokalgruppe for dei som hadde vakse ut av barnekora. Alt dette til stor glede for kyrkjelydane i Sveio.

To generasjonar med ungar har vore med i kora til Ingrid og lært seg å synge. Mange av dei som er med i noverande barnekor er ungar av nokon som har vore med i barnekoret då dei var små.

Ingrid og kyrkjemusikalsk arbeid er tett vevd saman. Ho var ein dyktig organist, flink til å spele slik at det var lett å synge med på salmane i gudsteneste og i kyrkjelege handlingar. Prestane i Sveio måtte lære seg å synge liturgi og bibelske salmar, noko dei gjorde med glede når Ingrid leia dei på godt spor.

Ingrid engasjerte ofte korpsmusikantar til å spele på gudstenester og konsertar, og det er mange som er takksame for alt det flotte dei har vore med på.

Men Ingrid var ikkje berre ein viktig kyrkjemusikalsk person i Sveio, ho var det også i bispedømmet vårt og på nasjonalt plan. Ingrid hadde ei stund ei deltidsstilling i Bjørgvin bispedømme med å utvikle kyrkjemusikkarbeidet i bispedømmet.

Ho var også ein viktig bidragsytar på nasjonalt plan då ho var med i liturgiarbeidet for nye liturgiar i kyrkja. Ho var med i komiteen som endra nattverdsliturgien. Med sin gode kunnskap og store arbeidsglede var ho med på å løyse desse oppgåvene på godt vis. Og ikkje minst har ho vore aktiv med i «Ung Kirkesang» på mange plan opp gjennom åra.

Men først og fremst har ho satt djupe spor hos oss som lærte henne å kjenne her i Sveio som ein engasjert person som gav av seg sjølv til alle som møtte henne. Ingrid blir djupt sakna.

Vi lyser fred over Ingrid Pedersen Furdal sitt gode minne.

På vegne av
Staben i kyrkja i Sveio, Arild Steinsland, sokneprest og Rita Holmedal, kyrkjeverje
Sveio Sokneråd, Anne Vierdal, leiar
Valestrand og Førde sokneråd, Tor Helge Hardeland, leiar