frå papirarkivet

– Ein dundersur, takk!

Mobile tenester var ein hit i Sveio for nokre tiår sidan. Då kunne ein betala rekningar, handla brød og snopa – nesten på døra. Mange minne går tilbake til 80-talet, og pølsebussen til Hansine og Audun Brekke.Saka var på trykk i Haustvind 2012.

Publisert Sist oppdatert

Ekteparet Brekke dreiv i nokre år frå 1980 ein mobil kiosk. Pølser, potetstappe, brus, sjokolade og andre godbitar kunne ein få kjøpt.

Livet som pensjonist blei fylt med noko nyttig. Små og store tok ofte ein tur når «snopebussen», som han òg blei kalla, var på plass.

Bussen med reklame og avfallskorger. Det var viktig å rydda opp etter seg! I døra står kiosk- og busseigar Audun Brekke saman med barnebarnet Ragnvald.

Trufast var bussen, som blei parkert forskjellege stader i kommunen tre kveldar i veka. Bussen køyrde ut frå Apelandsvegen rundt klokka 18.00 om kvelden, og køyrde tilbake i 22.00-tida. Dei faste plassane bussen stopte, var ved Pekobygget på Krossleite, det som i dag er Introhuset i Førde, og ved bussgarasjen i Auklandshamn. I sommarhalvåret var dei og treffa ein dag i veka på Kvalvåg.

Du vett du e fra Sveio når …du snopte på Busserullen ved Apelandsveien, men måtte gå å henta han som jobba der midt i middagskvilen… Alt for å få tak i ein «krussedolli».

Wenche Apeland

Powered by Labrador CMS