kultur
Feira 20-årsjubilanten med kulturmønstring
I 2014 var faren stor for nedlegging av Valestrand kyrkje. Løysinga vart å bli kulturkyrkje, den andre av sitt slag i landet. 160 arrangement har vore husa sidan den gong. Onsdag feira Valestrand kulturkyrkje 20-årsjubileum med lokale innslag og vitjing av biskop Ragnhild Jepsen.
Alie Hamberg sette tonane med Preludium C dur av Johan Sebastian Bach.
Ein stolt konferansier og soknprest Arild Steinsland gratulerte forsamlinga med den store dagen, før huspoet Einar Økland entra scena og framførte ein prolog han laga til kulturkyrkja for 10 år sidan.
Med på jubileet var sjølvsagt også Valestrand mannskor, som framførte fire flotte songar.
Variert innhald
Fartein Valen sin musikk og ringverknad har vore viktig for kulturkyrkja desse 20 åra. Fartein Valen-Sendstad fortalde om historia, arbeidet i og rundt Valenheimen og kor mykje merksemd den tiltrekk seg.
Han kunne også kunngjera at den hovudlause statua av Fartein Valen, som står i Sveio, skal ferdigstillast og flyttast til Valenheimen. Der skal den med stoltheit stå i hagen.
Kunstnarane Sigmund Skard og Sarah Livesay serverte publikum performancekunst med eit innslag kalla «Gaffagang», før Agnes Ravatn las eit utdrag frå «Verda er ein skandale – ei lita bok om livet på landet». Sist ut på underhaldningsprogrammet var improvisasjonsteatergruppa TeArtig. Alle bidrog til munter stemning i salen.
Eldsjel, framførar og tilskodar
Leiar for teatergruppa, Marco Thomas, var veldig nøgd med kvelden. Vanlegvis er dei 13 personar som øver ein gong i veka og har det gøy.
– I dag kunne me berre stilla fem stykk på grunn av sjukdom. Det vart litt spontant, men det var gøy.
Forutan teatergruppa sit han også i styret i Valestrand kulturkyrkje.
– Det vert ein del dugnadar, men eg er også aktiv tilskodar. Når det skjer noko er det berre å finna seg ein benk og lytta. Dei lever jo av at folk kjem og ser på tilstellingar.
Hausta skryt
Ordførar i Sveio André Mundal Haukås og biskop Ragnhild Jepsen avslutta med helsingar og skryt over alt ein har fått til i Valestrand kulturkyrkje. Deretter kunne dei om lag 200 frammøtte kosa seg med kyrkjekaffi, drøs og bursdagskaker.
Biskopen Ragnhild Jepsen var særs nøgd med kvelden.
– Den var veldig flott og innhaldsrik. Variert og fint program og berre lokale innslag. Fint å få sjå kva det inneber å husa ei kulturkyrkje, og kva den kan gjera for lokalsamfunnet. Det er jo ting som ikkje er heilt vanleg, samstundes skal kyrkja vera eit kulturhus, seier ho.
Underhaldning i kyrkja har hatt ein stor utvikling dei siste 20 åra. Ein skal ikkje langt tilbake i tid der berre det å applaudera i kyrkja var særs uvanleg.
– Det har skjedd mykje på kort tid. Det er fint at kyrkja kan opna opp for til dømes dette, men det er stadig Guds hus og ein samlingstad for dei store og viktige hendingane i livet. Det er fint at folk får fundert og ta forskjellige uttrykk inn i kyrkja, avsluttar ho.