nyhende

Mange spørsmål og kommentarar på folkemøtet onsdag kveld:

Mykje om solkraft, lite om Nesse

Kommunestyresalen var nær fullsett og mange var spørjelystne under folkemøtet om solkraftverk på Nesse onsdag kveld. Dei fleste spørsmåla handla likevel ikkje om det konkrete prosjektet, men om solkraft og energipolitikk generelt.

Publisert Sist oppdatert

Korkje prosjektutviklar i Endra AS Jana-Elena Koser eller grunneigar Steinar Nesse er særleg overraska over det.

– Me veit at mange har spørsmål og meiningar om solkraft som energikjelde, seier Koser.

Det er Endra AS som skal byggja og driva solkraftverket på Nesse. Om alt går etter planen vil utbygginga starta i fjerde kvartal 2025. Anleggsfasen er berekna til seks-åtte månader.

Opptatt av vegen

Eitt av spørsmåla frå salen som var konkret, handla om standarden på Nesevegen. Dette var heller ikkje uventa. Koser fortel at dei har hatt møte med kommunen om dette spørsmålet. Det er særleg i utbyggingsfasen det vil bli ein del tungtrafikk til anleggsplassen. Både Koser og forretningsutviklar i Endra AS Akif Papas understreka at selskapet vil ta omsyn til nabolaget så godt det let seg gjera.

Dei vil for eksempel unngå å køyra inn i området med store lastebilar på tidspunkt då dei som bur langs vegen skal til og frå jobb eller skule. Elles vil Endra AS avventa konsesjonsvilkåra frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) før dei vil svara på kven som skal ta kostnadene med ei eventuell opprusting av vegen.

– Men det er ikkje tvil om at me vil etterlata vegen i minst like god stand som han var før når utbygginga er ferdig, seier Papas.

Skriftlege innspel

Kva vilkår NVE vil stilla for konsesjon, ville ikkje seniorrådgjevar Brynhild Resell i NVE seia noko om då møtet var slutt. Både folkemøtet og den føregåande synfaringa på Nesse gard tidlegare same dag, var ein del av konsesjonsbehandlinga. Resell ber alle som har noko på hjarta å senda sine innspel skriftleg til NVE innan høyringsfristen 25. oktober.

Resell seier elles at folkemøte av dette slaget kan vera svært ulike. Sist ho deltok på eit slikt møte var det stort engasjement rundt arealbruk og skogshogst i samband med utbygginga. Arealbruk var også eit tema i Sveio i går, men då mest på generelt grunnlag.

Kraftverket på Nesse gard vil leggja beslag på 146 dekar og stå for ein kraftproduksjon på maksimalt 11,2 MWp – nok til å forsyna 510 bustader med elektrisk kraft. Mestelparten av arealet her er allereie rydda beite. Andre tilsvarande saker som NVE arbeider med, vil i 95 prosent av tilfella berøra skog i større eller mindre grad.

Skeptiske til vind og sol

Utnyttingsgraden i solkraftverk og stabiliteten i leveranser frå slike anlegg var fleire av tilhøyrarane inne på. Enkelte var uroa over energipolitikken og frykta kraftmangel i periodar om ein for stor del av kraftproduksjon blir basert på fornybare kjelder som vind og sol.

Det er grunneigar Steinar Nesse som har tatt initiativet til solkraftverket, mellom anna for å sikra driftsgrunnlaget  på garden sin. Han har signert kontrakt med Haugaland Kraft sitt dotterselskap Endra AS om utleige av grunn i 30 år. Så lenge vil konsesjonsperioden vara. Etter den tid skal alle installasjonar fjernast.

Når så få hadde kommentarar til den konkrete prosjektet på garden hans, trur Nesse det har samanheng med at svært få vil bli berørte utanom anleggsfasen. Kraftverket skal byggast på eit inngjerda område. Det vil vera lite visuelt skjemmande og ikkje berøra viktige turområde.

Powered by Labrador CMS