nyhende
Haugaland Storhusholdning først i verda
Verdas første AutoStore Multi-Temperature Solution med ei fryst sone er sett i drift på Haugaland Storhusholdning. – Det aukar driftseffektiviteten vår betydeleg og skaper eit tryggare arbeidsmiljø for våre tilsette, seier adm. dir. Oskar Kirkeleit.
Nedre Vats-firmaet AutoStore, der sveibuen Karl Johan Lier var sjef i 14 år, har erobra verda med sine lager der automasjon sørger for at varer i kubelager blir henta raskt og sikkert av robotar. Fram til no har dei operert i normale temperaturar, men no er altså verdas første AutoStore for fryste varer installert hos Haugaland Storhusholdning i Ekrene næringspark.
– Delautomatiseringa av våre prosessar aukar driftseffektiviteten betydeleg og skaper eit tryggare og mindre belastande arbeidsmiljø for våre tilsette. Investeringane styrkar vår posisjon som den føretrekte, lokale leverandøren av næringsmidlar til bedrifter, seier Oskar Kirkeleit, administrerende direktør i Haugaland Storhusholdning.
I drift sidan januar
Driftleiar Thorstein Kirkeleit fortel at dei har hatt systemet i operativ drift sidan januar.
– Når noko skal implementerast for første gong, er det alltid små tekniske justeringar som må gjerast, og det tar ofte litt lengre tid enn forventa. Systemet har fungert frå første stund, men har kravd nokre justeringar i etterkant for å bli tilpassa våre rutiner og drift. Vårt mål er å redusera ledetida for kundane våre, spesielt i restaurant- og cateringbransjen, kor det ofte er utfordrande å planlegga, seier han.
Pilotprosjekt
I oktober startar Haugaland Storhusholdning eit pilotprosjekt der utvalde kundar kan bestilla varer på morgonen og få dei levert i løpet av få timar.
– Dette vil vera spesielt fordelaktig for kundar med uføreseielege behov, og me er overbevist om at det vil tilføra verdi til Haugalandet. Timinga er også ideell med tanke på den auka satsinga mot turisme og cruisebåter, seier driftsleiaren.
Meir effektivt, mindre belastningar
Systemet opererer døgnet rundt, og når dei tilsette kjem på jobb om morgenen, er varene klare til plukking.
– I staden for at me skal gå samme plukkrunde over lange avstandar fleire gonger dagleg, blir varene levert direkte til faste plukkstasjonar. Dette gjer at våre lagermedarbeidarar kan bruka tida sin meir effektivt for å sikra best mogeleg kvalitet for kundane, uten ekstra belastningar, seier Kirkeleit.
Samarbeid med lokale aktørar
Han understrekar at det er ekstra verdifullt at prosjektet er initiert og gjennomført i samarbeid med dei lokale aktørane Haugesund Ventilasjon og AutoStore.
– I tillegg har StrongPoint spelt ei viktig rolle som leveranseansvarleg. Me er stolte over å ha fullført prosjektet med ei enda sterkare lokal forankring, og me ser fram til synergiar som vil bidra til fleire arbeidsplasser og økte inntekter i regionen, avsluttar Thorstein Kirkeleit.
Den offisielle opninga av anlegget er planlagt 26. september.
– Revolusjonerande løysing
– Me er glade for å sjå Multi-Temperature Solution i aksjon. Løysinga revolusjonerer daglegvarebransjen sine lager- og distribusjonssystemer ved å gjera det tryggare og meir effektivt å plukka fryste varer. Allereie er det to Multi-Temperature-løysingar i utvikling, og me ser veldig frem til den globale marknadslanseringa i første kvartal 2025, sier Parth Joshi, Chief Product Officer i AutoStore i ei pressemelding.
Multi-Temperature Solutio tillet fleire temperatursoner innanfor éin AutoStore-kube. Den er designa for fryste og kjølte miljø med temperaturar frå -25°C i den fryste seksjonen til +6°C i dei kjølte områda.
Plukking av frosne produkt skjer ved portane i det kjølte området for å unngå plukking av varer i ekstremt kalde temperaturar, noko som skaper eit betre arbeidsmiljø for operatørane. Dette vil gi kundane ein løysing som kan auka hastigheiten og effektiviteten med deira fryste lagerbeholdning.
Designa for maksimal effektivitet
– Denne installasjonen er designa for maksimal effektivitet innanfor matdistribusjon. Me er stolte over å vera det første selskapet til å implementere ei AutoStore-løysing med ei fryst sone, som allereie er ein del av kunden si daglege drift. Å samarbeida med MTG Technologies, kunden, og andre partnarar, med å utvikla software, systemet og rutinene, har vore ei lærerik erfaring. I dag feirar me eit fullt operasjonelt anlegg som møter våre høge standardar, sier Jacob Tveraabak, administrerende direktør i StrongPoint, som har installert systemet.
StrongPoint er eit teknologiselskap som fokuserer på å gjera butikkar og verdikjeder smartare.
– Me er stolte av å samarbeide med AutoStore for å støtta StrongPoint i leveransen av denne banebrytande Multi-Temperature Solution med frysesone. Denne initielle installasjonen er eit viktig steg, og me ser fram til å forma framtida for automatiserte lagersystem med multi-temperatur grid-teknologi, sier Paul Edvin Bersaas, administrerende direktør i MTG Technologies.