nyhende

– Treng ikkje brannstasjon i Førde

Sveio treng ikkje brannstasjon i Førde for å tilfredsstilla lovkrava til beredskap, går det fram av ei vurdering som rådmannen har henta inn frå Einang Safety AS.

Publisert Sist oppdatert

På denne bakgrunn tilrår rådmannen overfor formannskapet og kommunestyret at Norconsult AS får i oppdrag å vurdera om stasjonen i Førde er nødvendig, og om ein eventuell ny stasjon i Førde kan byggjast utan urein sone.

Norconsult er i gang med ein ny beredskapsanalyse for Sveio som skal vera ferdig ved årsskiftet. Saka blir lagt fram for formannskapet måndag.

Bygging vedtatt

Sveio har eit gyldig vedtak om bygging av ny brannstasjon i Førde. Tomt er kjøpt inn, reguleringsarbeidet er i gang og arbeidet med anbodsdokumenta er også i gang.

– Kvifor kjem spørsmålet om den nye stasjonen trengst, opp først no?

– Vedtaket om å byggja ny brannstasjon i Førde blei gjort for fleire år sidan på bakgrunn av krav frå Arbeidstilsynet. Bygging av ein ny brannstasjon er ei stor investering som skal gjelda for mange år framover. Difor er det rett å vurdera dette grundig, seier rådmann Jostein Førre i ein kommentra til Vestavind.

– Men det kan bety at dei midlane som alt er brukte til tomtekjøp og planlegging er brukte til inga nytte?

– Det er ein sentral eigedom som også vil ha bruksverdi til andre føremål. Men delar av planleggingsarbeidet kan visa seg å vera unødvendig.

Tre alternativ

Einang Safety AS si vurdering er at Sveio har tre alternativ å velja mellom. Anten kan ein velja å gå vidare med planane om ny brannstasjon med urein sone i Førde. Det andre alternativet er å bruka dagens stasjon i Førde utan urein sone. Då kan mannskapa framleis ha frammøtestad i Førde, men må til Sveio for omkledning etter ureine oppdrag. Det tredje alternativet er å leggja ned stasjonen i Førde og overføra mannskap, bilar og utstyr til Sveio.

Det ligg ikkje føre overslag over kva ein ny brannstasjon i Førde vil kosta. Ut frå kostnadene med den nye stasjonen som er under bygging i Sveio sentrum, trur rådmannen det er realistisk å rekna med ein pris på mellom 25 og 35 millionar kroner. Kva økonomiske konsekvensar som vil følgja av dei andre alternativa, håpar han å få svar på gjennom Norconsult sitt arbeid.

Får bestemma sjølv

– Har den nye vurderinga av behovet for brannstasjon i Førde nokon samanheng med at brannvesenet i Sveio frå årsskiftet skal overførast frå Haugaland Brann og Redning IKS til Haugesund kommune?

– Det at Sveio går ut av Haugaland Brann og Redning gjer at kommunen sjølv avgjer organisering og nivå på tenesta, seier Førre.

Powered by Labrador CMS