frå papirarkivet

Full tank i Vågedalen

Den majestetiske bergveggen, og elva som buktar seg gjennom det frodige landskapet er Vågedalen sin signatur. I dag ein stille og fredeleg oase, iallfall når bilane ikkje renn for tett. Før var her mykje folkeliv; det var landhandel, bensinstasjon, byfolk på utflukter, og ungdomar som dansa på søndagskveldane.Saka var på trykk i Haustvind 2016.

Publisert Sist oppdatert

Vågedalen Landhandel var først og fremst ein butikk for folk i bygda, men også byfolk stoppa her for å gjera innkjøp når dei skulle på hytta. Her har det vore butikk i nesten 50 år, frå 1919 til 1966.

Vegstandarden gjennom Vågedalen har aldri vore noko å skryta av, men stor gjennomgangstrafikk har det vore like fullt. Om du skulle nord eller sør, var dette fartsåra. Med minimal reisekomfort kunne det vera godt å la bilsjuke ungar få ein luftepause før ein køyrde vidare.

Asbjørn Våge t.v. og Thorleif Birkeland ved den nye elektriske bensinpumpa. Den gamle måtte pumpast for hand.

Plassen er utskild i1919 frå Birkeland gnr. 74 bnr. 12, i tillegg til ein mindre del frå gnr. 71 bnr. 21, under nordre Våge, med namnet Leite. Huset med butikken blei truleg bygd på same tid. Det var Peder Olai Birkeland som då var eigar, han starta med butikk og kafé. I 1923 selde han eigedomen til Hans Frette, som igjen selde til Martin Josefson Sele og Gislaug Hansdtr. Haugland i 1940. Sele starta opp med drosjekøyring.

I 1950 flytta familien Emma og Knut Sveen til Vågedalen for å jobba og bu. Her står Emma i døra til den nye butikken i kjellaren. Reklamenplaktane i vindauget viser at her kan du kjøpa både fløyteis og sigarettar.

Det var i 1950at ekteparet Emma og Knut Sveen, og sønene Helge på sju og Asbjørn Olav tre år, flytta til Vågedalen for å jobba og bu. Tre år seinare melde nok ein son sin ankomst, det var Knut Einar.

Sveen-brørne – Helge, Asbjørn Olav og Knut Einar.

Familien Sveen overtok etter Sele. På eigedomen stod eit bustadhus kombinert med butikk, ei bensinpumpe, ein smørjebukk, og ein garasje. Knut Sveen dreiv med drosjekøyring, den første bilen var ein Dodge 1939-modell som følgde med på kjøpet.

Butikklokalet på rundt 20 kvadratmeter, låg vegg i vegg med stova. Men familien hadde behov for meir buareal, dermed blei huset skrudd opp, og ny grunnmur blei bygd. Då alt stod klart blei butikken flytta ned. Landhandlaren framstod no som ny og moderne, med to store termopanvindauge og inngangsdør midt i mellom. Alt på bakkeplan.

Standar Wangar-bilen blei henta i Moss, kjørt over Haukelifjell, og heim til Sveio.– Eg fekk vera med far på den turen som var svært lang, minnest Helge Sveen. Dette var i 1953. Denne bilen vart seld til redaktør Vikse i Haugesunds Avis i 1955.

– Det var helst mor som stod på butikken, me ungane hjelpte til. Far dreiv med drosje og var stadig på farten, fortel Helge Sveen. Frå 10-12 års alder stod han ofte bak butikkdisken. Det var ikkje nokon form for sjølvbetjening. På disken stod ei vekt og ein del lodd i forskjellige storleikar, og ein rull hyssing til å knyta over posane med. Alle varer som mjøl og gryn, sukker og salt kom i store sekker.

Drifta innebar mange tunge tak. Helge Sveen minnest at mjølka kom i kassar med 12 flasker i kvar, dette sleit dei med å få inn på butikken. 12 flasker vog over 10 kilo.

«På disken stod ei vekt og ein del lodd i forskjellige storleikar, og ein rull hyssing til å knyta over posane med. Alle varer som mjøl og gryn, sukker og salt kom i store sekker»

Alt som skulle oppbevarast kaldt blei sett på bakrommet, det hende også at elva blei brukt til nedkjøling. Det var først rundt 1959-1960 at landhandlaren fekk fryseboks og kjøledisk.

Tysdagar og fredagar var brøddagar, det var kveite-, grove med og utan sirup, grisle og fint brød. Jødekakene til Martin Glette i Sveio sentrum var berykta.

Vågedalen var tilknyta Haugesunds telefonselskap. På butikken var det installert ein 25-øres telefonautomat til bruk for alle. Dei som heldt hus hadde fri telefon mot at dei rykka ut ved tilseiing.

– Det var ikkje uvanleg at eg måtte sykla til Lindøy for å varsla om at det var telefon, minnest Helge Sveen som har to gamle fotoalbum frå barndomstida i Vågedalen. Det er kjekt å sjå tilbake, synest han.

Under snørike vintrar i Vågedalen kunne køyreforholda ofte vera utfordrande. Som me ser har denne bilføraren vore føre var og lagt på kjettingar, men kanskje det er andre som treng ein dytt i baken? «Hjelpemannskapa» er i så fall klar til å ta i eit tak.

Butikken vart avvikla i 1966. Faren Knut vart då tilsett som bokhaldar på kommunekasserar kontoret i Sveio. I 1969 flytta ekteparet Sveen til Sveio der dei overtok huset til søster til Knut, Larsine og ektemannen Johannes Dommersnes. Vågedalen Landhandel var no blitt eit bustadhus.

Astrid Sveen kjenner også historia godt. Det er ikkje få gonger ho var innom butikken til dei som skulle bli hennar svigerforeldre, men det visste ho ikkje då. Framhaldskulen heldt til på Vikse, og krambua i Vågedalen var ein populær plass å gå.

Far til Astrid, Reidar Reiersen, av den edle årgang 1922, kan minnast enda lengre tilbake.

– Me var nok snopesjuke, men det var ingenting i lommane. Det måtte bli med ein karamell eller to.

Vågedalen Landhandel med ny fasade. Den raude Hanomagen, 1965-modell, blei brukt til vareutkjøring.

Bøndene kjøpte gummihjul til møkkakjerrene sine og hestesko, nokre bestilte hesteslåmaskin gjennom handelsmannen i Vågedalen. Parafin var også ei viktig handelsvare før i tida.

Om søndagane samlast ungdomane på vegen.

– I krigen og utover var me der mykje. Eg kan minnast to jenter som stod ved vegen og selde brus til forbipasserande. Og så kan eg minnast at ungdomane av og til slost og heiv kvarandre i elva, fortel Reidar Reiersen.

Hans Arne Våge vaks opp i nabolaget på 1950-talet, og får smak av bruspulver i munnen når me spør han om kva snop han hugsar best frå barndomen.

– Det var nok bruspulver som var favoritten, men det var ingen som hadde råd til å bruka mykje pengar på slikt den gongen, fortel sveibuen.

Våge har budd i den naturvakre dalen heile livet, og kan minnast at elva ein gong fløymde så ekstremt over vegbanen at rutebilen køyrde over ein laks som var på veg opp i elva for å gyta. Dette var på 1960-talet då elveløpet under vegen var trongare.

At det går stor aure og laks i Vågeelva herskar det ingen tvil om.

– Lystring for å stikka aure var ein fin hobby sjølv om det var ulovleg. Største sjøaure eg tok var 6,2 kilo, me vog han på vekta i butikken, fortel Helge Sveen.

Vågeelva.

Frå gamalt av var Vågedalen samlingsplass for ungdom, og byfolk kom gjerne hit på søndagstur, syklande eller i bil. Lengst nede i dalen, på «Långabrunå» var det dans på laurdagen.

– Me i vår alder fekk ikkje vera med, men me låg litt oppe i lia og såg og høyrde musikken. Det var trekkspel det gjekk på, fortel Sveen.

Det var ikkje ølsal i butikk på den tida, men ein kunne bestilla kassevis hos Lindø i Haugesund. Dei vaksne ungdomane gjorde dette, og la heile kassen eller kassane i elva til avkjøling til kvelden. Nokre hadde også med seg heile mjølkespann med heimebrygg.

– Eg fekk mange gonger i oppdrag å gå heim for å kjøpa gaffelbitar og spekesild, det var nødvendig å opparbeida ein sunn og naturleg tørste, mimrar Sveen.

Huset i Vågedalen 44 har vore gjennom fleire påbyggingar, noverande eigar har blant anna bygd på nytt inngangsparti og carport. I dag er det berre eitt av dei to utstillingsvindaugo frå butikken sine glansdagar som er intakt (på bildet skjult av trapp og terrasse). Den tidlegare grusa parkeringsplassen er erstatta av plen og beplanting.

Brit Elin Mølstre har budd i huset sidan 1989. Etter at ho og mannen Thor Egil kjøpte plassen, har huset vore gjennom fleire påbyggingar, blant anna nytt inngangsparti og carport. I dag er det berre det eine av dei to store utstillingsvindaugo frå butikken sine glansdagar som er intakt.

Spor som vitnar om vegarbeid hogd inn i berget i Vågedalen. Brit Elin Mølstre og familien trivst med å ha den flotte bergveggen tett innpå seg.

Familien stortrivst.

– Midt på vinteren kan det vera litt surt, for då har me lite sol, men så tek me det igjen om sommaren når andre frys. Nordavinden får ikkje tak på terrassen vår, og bergveggen med kongeleg signatur, magasinerer solvarmen, så her i Vågedalen nyt me det gode liv! fortel Brit Elin Mølstre.

Powered by Labrador CMS