nyhende

Dagleg leiar i Sveio frivilligsentral Guro E. Røher og ordførar André Mundal Haukås har innsamlingsbøssene klare og ventar berre på at bøssebærarane skal melda seg.
Dagleg leiar i Sveio frivilligsentral Guro E. Røher og ordførar André Mundal Haukås har innsamlingsbøssene klare og ventar berre på at bøssebærarane skal melda seg.

– Meld deg som bøssebærar!

Førebuingane til årets TV-aksjon er i full gang. I Sveio er det frivilligsentralen som administrerer TV-aksjonen, og dagleg leiar Guro E. Røher seier folk allereie no kan gå inn på nettet og melda seg som bøssebærar.

Publisert Sist oppdatert

Innsamlinga går dette året til Barnekreftforeningen, og både Røher og ordførar André Mundal Haukås har tru på eit rekordresultat.

– Alle kjenner nokon som har eller har hatt kreft. Og kreftsjuke barn rører ved alle sine kjensler, seier dei i ein samtale med Vestavind.

Framleis kontantar

Sjølve innsamlingsdagen er søndag 20. oktober. Og sjølv om Vipps og betalingskort i stor grad har tatt over for kontantar, meiner begge dei to sveiorepresentantane at tilstrekkeleg mange bøsseberarar er avgjerande for eit godt resultat.

– Sjølv for dei som vil gi via Vipps er det ei viktig påminning å få ein bøssebærar på døra. Folk følgjer ikke lenger TV-sendingane som før og har lett for å gløyma innsamlinga, seier Røher.

Ordføraren legg til at så seint som i fjor kom 40 millionar kroner av TV-aksjonen sine inntekter på landsbasis  inn i form av kontantar.

– Sveio er delt i ti område eller krinsar med kvar sin områdeleiar. I år treng me fem nye områdeleiarar og til saman minst 62 bøssebærarar, fortel Røher.

Områdeleiarane sine oppgåver er først å skaffa nok bøssebærarar. I neste omgang er det dei som deler ut bøssene og så tar imot dei igjen og leverer dei til banken etter at innsamlingsrundane er gjennomførte, forklarar Røher vidare.

Lågare aldersgrense

Tidlegare har det vore ei aldersgrense på 18 år for å vera bøssebærar. No er denne grensa senka til 15 år. Ordføraren håpar difor at fleire skuleelevar vil stilla opp på det han kallar haustens finaste søndagstur og verdas største dugnad. Han oppmodar også alle rektorane i kommunen om å ta i bruk undervisnignsmateriellet som er utarbeidd i samband med innsamlinga og la dette inngå i undervisninga.

Næringslivsdugnad

Sjølv skal ordføraren også i år vera med på næringslivsdugnaden for Sunnhordland.

– Dette var første oppdraget mitt etter at eg tok til som ordførar i fjor. Då samlast alle sunnhordlands-ordførarane på Stord. Derfrå ringde med til næringsverksemder i kvar våre kommunar og utfordra dei til å bidra til TV-innsamlinga. Sveio kom godt ut av den «konkurransen» i fjor, seier Haukås, som ventar minst like god respons i år.

Både han og Røher oppfordrar elles lag og foreiningar, velforeiningar og andre smågrupper til å bruka fantasien og laga små og større arrangement som kan gi inntekter til TV-aksjoen.

Familiehus

Pengane som Barnekreftforeningen får inn gjennom årets TV-aksjon skal brukast til å byggja såkalla familiehus nær universitetssjukehusa i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Her skal familiar med kreftsjuke barn få høve til å vera saman under sjukehusbehandlinga. Barn som er innlagde på sjukehus, har krav på undervisning ved sjukehuset sin skule. Det nye no er at også søsken kan få nytta det same undervisningstilbodet under opphald i barnehusa.

I og med at husa rommar fleire husvære får familiane også vera saman med andre i same situasjon og kan såleis utveksla erfaringar med kvarandre.

Powered by Labrador CMS