nyhende

Tilsette i brannvesenet med kraftig åtvaring til politikarane:

– Nedlegging vil svekka beredskapen

Fleirtalet i formannskapet i Sveio tilrår at Norconsult AS får i oppdrag å vurdera om Førde brannstasjon trengst i framtida. Berre Linn Therese Erve (Ap) stemte imot. Tilsette i brannvesenet reagerer kraftig.

Publisert Sist oppdatert

Erve og Arbeidarpartiet vil behalda stasjonen i Førde og meiner  planlegginga av ny brannstasjon i Førde skal halda fram basert på tidlegare vedtak. Fleirtalet i formannskapet slutta seg derimot til rådmannen sitt forslag. Rådmannen har innhenta ei vurdering frå selskapet Einang Safety Consult AS som tilseier at Sveio kan klara seg og oppfylla gjeldande lover og forskrifter utan stasjonen i Førde.

Norconsult AS er alt i gang med å gjera ein ny beredskapsanalyse for Sveio i samanheng med overgangen frå Haugaland Brann og Redning til Haugesund brannvesen. Vurderinga av framtida til Førde stasjon vil i denne samanhengen koma som eit tilleggsoppdrag til konsulentselskapet.

Faktafeil

– Rapporten frå Einang Safety Consult AS inneheld  faktafeil og bør kvalitetssikrast før han blir lagt til grunn for politiske vedtak. Rapporten blei bestilt i mars-april, men eg blei ikkje kjent med han før for halvanna veke sidan, seier beredskapskoordinator i Sveio kommune, Bjarne Hetlesæter til Vestavind.

Han er både mannskap og utrykkingsleiar i brannvesenet og var i 17 år brannsjef i Sveio kommune. Han er tydeleg på at brann- og ulukkesberedskapen i Sveio blir svekka om brannstasjonen i Førde blir lagt ned. Mellom anna vil dette gå ut over beredskapen i Bømlafjordtunnelen, der Sveio og Stord deler på ansvaret. Mannskap frå Førde brannstasjon kan vera på plass ved ein eventuell ulukkesstad i Bømlafjordtunnelen på ti-tolv minuttar, slik det skjedde seinast sist fredag. Ofte er dei tidlegare også, då fleire av mannskapa bur i denne delen av kommunen. Ei tilsvarande utrykking frå Sveio brannstasjon ville tatt nærare ein halvtime, seier Hetlesæter.

Lengre nord

–  Bygging av nye brannstasjonar både i Sveio sentrum og Førde blei vedtatt samstundes. Dersom me berre skulle hatt ein brannstasjon i kommunen, burde den vore lokalisert ein annan stad enn Sveio sentrum og då lengre nord for å ivareta tilfredsstillande brann- og ulukkesberedskap for alle delar av kommunen.

Under behandlinga i formannskapet kom det fram at dei politiske gruppene har fått eit skriv frå dei tilsette i brannvesenet der det blir argumentert sterkt mot nedlegging av Førde brannstasjon.

Protest frå tilsette

– Dei tilsette ved stasjonane både i Sveio og Førde står bak dette skrivet, som også har fått støtte frå bygdelaga i Førde og Valestrand og frå ein anestesilege busett i nordre del av kommunen, fortel Sondre Natås Strand.

Han er både brannkonstabel og kommunestyrerepresentant for Kristeleg Folkeparti, og ser fram til debatten når denne saka kjem opp i kommunestyret. Strand kallar Einang Safety Consult-rapporten eit hastverksarbeid med mange faktafeil.

– Haugaland Brann og Redning gjennomførte ei grundig analyse i 2022-23. Endå om HBR hadde hatt mykje å tena på å leggja ned stasjonen i Førde, konkluderte dei med at stasjonen er ndødvendig for å oppretthalda forsvarleg beredskap. Kva skal me med ein ny rapport så kort tid etter? undrast Strand, som rosar Arbeidarpartiet for å vera så tydelege i formannskapet.

– Vil gå ut over Stord

Han peikar elles på at nedlegging av brannstasjonen i Førde vil føra til eit auka oppgåver for brannvesenet i Stord, oppgåver som dei heilt sikkert ikkje er interesserte i.

– Ved nedlegging av stasjonen i Førde vil Stord vera næraste brannstasjon til Tittelsnes og nordre del av Sveio. Når 110-sentralen trykkjer på den store knappen, blir det difor dei som må rykka ut til nabokommunen. Det vil igjen føra til svekka beredskap i Stord, hevdar Strand.

Han reagerer på at det er brannmannskapa som må kjempa denne kampen, og på at tidsnaud i forhold til Arbeidstilsynet sitt pålegg blir trekt inn i debatten.

– Rådmannen fekk bestillinga om ny brannstasjon i Førde i 2018, seier han.

– Rapporten vil avklara

Beredskapssørsmål, mellom anna knytt til Bømlafjordtunnelen, var også oppe i formannskapsdebatten. Rådmannen ville ikkje svara direkte på spørsmål om ansvarsdelinga mellom Stord og Sveio, men viste til det arbeidet han meiner Norconsult skal få i oppdrag å utføra.

–Alle slike spørsmål vil bli avklarte gjennom Norconsult sin rapport. Det vil aldri bli aktuelt å leggja seg på eit nivå som ikkje tilfredsstiller gjeldande lov og forskrift. Kommuen kan derimot velja å leggja seg på eit høgare nivå enn minstekravet, sa rådmann Jostein Førre.

Som svar på eit innsendt spørsmål svarte Førre at Einang Safety-rapporten kosta kommunen 24.000 kroner. Han svarte på eit anna spørsmål at Førde sentrum mista statusen som tettstad i 2023. Dette skal vurderast på nytt av Statistisk Sentralbyrå seinare i haust.

Powered by Labrador CMS