Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Til minne om dei som fall i 2. verdskrig
Me må aldri gløyma
Saka var på trykk i Haustvind 2016.
Rundt 70 gonger har det blitt lagt ned blømande kransar på minnestøttene, omkransa av smilande barn og norske flagg – på Framnes, Auklandshamn, Førde og i Sveio sentrum. Eit stykke alvor på ein elles gledeleg dag. Kvart år minnest me dei som fall i krigen, men for dei fleste er dei berre ukjende namn på grå steinar. Men me må aldri gløyma, blir det sagt.
Dei frå Sveio som måtte gi tapt i krigen var stort sett sivile sjømenn, mange av dei unge. Kanskje ville dei ut i verda, oppleva og læra. Tena seg nokre kroner før dei skulle byggja livet vidare. Arbeidsløysa før krigen var stor, og dei som fekk hyre kunne vera vekke mellom 18 og 24 månadar i slengen. Jobb var det å få – til dømes i maskinen, bak roret, i byssa eller på dekk. Mange reiste frå eit fritt land. Det er skrive at sjøfolka gjorde det som fall dei naturleg i kampen for fedrelandet. No blei dei krigsseglarar, på frontlinja for dei allierte, med livet som innsats.
Tunge byrder vart lagde på sjømennene sine skuldrer. Forsvarslause var dei på det opne havet, med konstant fare for ein brå død. For mange var nyhende frå heimen viktigare enn mat, men moglegheitene for å få heimebrev var små. Aviser og tidsskrift var der, som gong på gong anerkjente dei norske sjømennene sitt arbeid. Det må ha vore ei tung og vanskeleg tid, men midt oppi det heile var dei kanskje stolte, krigsseglarane våre?
Før krigen hadde Noreg ein av dei største og mest moderne handelsflåtar i verda. Storparten av skip, mannskap og kunnskap kom ikkje tyskarane til gode. Norske kapteinar segla utanom tyskokkuperte soner – til og med sitt eige heimland, og inn i allierte hamner, klare for å ta nye ordre. Norske båtar tok seg ut, braut sperringar, var i farlege farvatn og på breiddegradar der dei ikkje kunne venta hjelp.
Alt dreia seg om å få leveransar fram til dei som kjempa mot den tyske krigsmakta. Innsatsen mannskapet i handelsflåten gjorde, blir rekna som Noreg sitt viktigaste bidrag til dei allierte sin siger. Under krevjande forhold stod norske handelsskip for effektive og livsviktige transportlinjer. Krigsseglarane tok del i farefulle konvoiar, invasjonar og tankfart. Dei frakta drivstoff, mat, troppar og andre varer på verdshava – ansikt til ansikt med krigen.
Minst 102 menn frå dagens Sveio var med i handelsflåten under krigen. Av desse står 20 på dødslista. I tillegg omkom ein styrmann i tvungen teneste på eit tysk skip, og ein sjømann omkom som følgje av minesprenging i 1948.