nyhende
Bømlafjordtunnelen open igjen
Brannvesenet både i Sveio og Stord rykte måndag ut etter melding om røykutvikling i Bømlafjordtunnelen. Tunnelen var stengt ein periode, men er no open igjen.
politiet blei varsla klokka 11.20. Fem minuttar seinare melde brannvesent på staden om røykutvikling frå eit køyretøy som hadde stoppa. Det er ikkje meldt om personskade eller brann i køyretøyet,
Køyretøyet er lokalisert ca ein kilometer inne i tunnelen på sørsida, altså nærast Valestrand. Bilberging er bestilt.
Årsaka til røykutviklinga er truleg lekkasje av kjølevæske, opplyser politiet. Brannvesenet har konstatert brot på slanage til kjølevæske. Bilen er plassert i havarilomme i påvente av bergingsbil, melder Vegtrafikksentralen vest.
– Me rykte ut med mannskap frå Førde brannstasjon. Stord rykte ut med både mannskap og tankbil. Tankbilen frå Sveio blei også rekvirert, men dette oppdraget blei kanselllert då me fekk oversiktover situasjonen, opplyser utrykningsleiar Bjarne Hetlesæter til Vestavind.
Sjølv rykte han ut frå Sveio sentrum, men alt då han passerte Vihovde fekk han vita at situasjonen var avklart. Men utrykkinga understrekar igjen kor aktuell debatten om Førde brannstasjon er i forhold til Bømlafjordtunnelen som særskilt brannobjekt.