Forfattarane av dette innlegget ber kommunestyret gå inn for pilotprosjektet turveg som skuleveg frå Lio til Auklandshamn skule.
Forfattarane av dette innlegget ber kommunestyret gå inn for pilotprosjektet turveg som skuleveg frå Lio til Auklandshamn skule. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Turveg som skuleveg i Auklandshamn

Me les at pilotprosjektet med skuleveg som turveg Lio-Auklandshamn er sett på vent av formannsskapet. Eit av argumenta er at den går for langt frå fylkesvegen.

Me meinar dette er eit dårleg argument, då den traseen som er vist vil gje skuleelevane som bur i den delen av bygda trygg skuleveg. Det er heller ikkje «langt til skogs», ikkje nokon stad går denne traseen lenger enn 200 meter frå fylkesvegen.

Fylkesvegen er smal og det har vore jobba for å få fylket med på å byggja gang og sykkelsti. Dette arbeidet har ikkje førd fram.

Kombinert skuleveg og turveg vil gi mange fleire gevinstar enn trygg skuleveg.

Den vil gje borna i bygda ein mykje betre start på dagen når dei kan gå eller sykla til skulen i staden for å sitja i bil.

Den vil og gje borna i bygda ein helsefordel både på kort og lang sikt, då dei får meir aktivitet som ein naturleg del av kvardagen.

Den vil gje betre mogelegheiter for folk i alle aldrar å nytta naturen året rundt enten det er tur med barnevogn, turgåarar, joggarar og andre som likar eller treng å koma seg ut.

Den vil og gje dei mest inaktive av oss mogeleghet for å nytta naturen på ein trygg måte. Det er ikkje alle som er trygge på å nytta naturen, og desse har ekstra stor helsegevinst i å vera meir aktive og å få tilgong til lågterskel aktivitet.

Den kan nyttast av både vaksne og ungar til og frå fritidsaktivitetar på skulen.

Ei løysing med turveg/skuleveg vil i tillegg til trygg skuleveg gi stor folkehelsegevinst for både born og vaksne.

Me vil visa til skulevegen på Torvastad der den går gjennom Bjørgene. Der er det turveg/skuleveg med avstikkarar til fleire turstiar som ein kan velja alt etter kva ein vil den dagen. Det er eit område som er svært mykje brukt av både skuleelevar og andre. Det er ein naturleg møtestad der ein er både sosial og fysisk aktiv.

Me i Auklandshamn Bygdalag og Auklandshamn Idrettslag ber derfor kommunestyret om å gå for rådmannen si tilråding og prioritera parsellen Lio-Auklandshamn i tillegg til Nygård-Sveio Golfpark.

Kenneth Tverfjell, leiar Auklandshamn Idrettslag og

Gerd Jorunn Christensen, leiar Auklandshamn Bygdalag