nyhende

Arne Valen protesterte kraftig mot det han kalla innføring av kommunal barnetrygd.
Arne Valen protesterte kraftig mot det han kalla innføring av kommunal barnetrygd.

Vil utgreia fritidskort etter Bømlo-modellen

Kommunestyret i Sveio ber rådmannen greia ut ei ordning med fritidskort for barn og unge etter modell frå Bømlo og leggja fram ei sak for formannskapet 2. desember.

Publisert Sist oppdatert

I denne saka skal kostnader og ressursbruk vera belyst for behandling i kommunestyret saman med budsjettet for 2025.

Kommunestyet vedtok også at ein bør vurdera å leggja administrasjon av fritidskortet til lag eller organisasjonar som får driftstilskot frå kommunen.

Det var Carl Enoksen (H) som presenterte forslaget som blei vedtatt på vegne av fleire parti. Vedtaket blei gjort mot røystene til Arne Valen (Sp) og Leif Tore Haukås (Frp).

Trekte forslag

I utgangspunktet var også varaordførar Ruth G. Ø. Eriksen skeptisk og fremja eit forslag om å behalda den behovsprøvde ordninga kommunen i dag har gjennom NAV og dobla budsjettsummen for denne ordninga. Etter gruppemøte trekte Eriksen dette forslaget.

Innan den tid hadde Arne Valen sagt at han ville røysta for Eriksen sitt forslag. Han kalla forslaget om fritidskort etter Bømlo-modellen ei innføring av kommunal barnetrygd, og det ville han ikkje vera med på.

–  Eg vil ikkje vera med på å sponsa dei med god råd, men heller  hjelpa låginntektsfamiliane som det er fleire av i Sveio enn landsgjennomsnittet, sa Valen mellom anna.

Asle G. Halleraker (TvF) rosa Valen for dette innlegget, og sa han ville røysta saman med han om han ikkje allereie hadde gjort avtale om støtte til forslaget Enoksen la fram.

Bømlo-modellen

Bømlo var med i ei statleg finansiert prøveordning med fritidskort. Då prøveperioden var over og staten trekte støtta, vedtok Bømlo å halda fram med ei kommunalt finansiert ordning med universelt fritidskort for alle i alderstruppa 11 til 15 år. Kvart fritidskort har ein verdi på 2.000 kroner. Ei tilsvarande ordning i Sveio ville i 2024 ha kosta 896.000 kroner, står det i saksframlegget.

I formannskapet foreslo Linn Therese Erve (Ap) å innføra ei ordning tilsvarande Bømlo, men dette fekk berre to røyster. I kommunestyret blei det heilt motsett, slik det skjedde med fleire saker måndag.

Powered by Labrador CMS