Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Til minne om dei som fall i 2. verdskrig
Minnesteinen på Økland
Saka var på trykk i Haustvind 2016.
Høgtideleg minnestund ettersommaren 1947
Minnesteinen over dei tre frå Auklandshamngrenda vart avduka på ettersommaren 1947, reist av folk på Økland. I boka Valestrand under okkupasjonen 1940-45 er dette gjengitt:
«Det var møtt fram mykje folk frå bygda og grannebygdene, og det var ein minnerik og stemingsfull dag. Formannen i nemnda for minnesteinen, Johs. Jacobsen, ønskte velkommen. Sidan tala kontorsjef Ola Olsen på Rubbestadneset. Sjølve avdukingstalen vart halde av lensmann Fjærtoft. Johannes Jacobsen gav steinen over til ord. Bua som tok i mot han på vegne av Valestrand kommune. Mor til Rasmus Kolstø – Kolstø var den einaste overlevande frå «Augvald»s forlis – la ned krans frå dei pårørande. Rasmus Kolstø la ned krans frå seg sjølv over dei bortkomne kameratane, og varaordførar Edvard Bruvik la ned krans frå Valestrand kommune. Førde Songlag var tilstades og song under høgtida. Etter sjølve avdukinga var det minnemøte i Eikeland bedehus.
Lensmann Fjærtoft leverte krigsmedalje til Vilhelm Lien, far til bortkomne Bjarne Lien. Mellom talarane her nemner ein: prost Lauvås, tidlegare ordførar E. Horneland, klokkar M. Skåden og Lars Jacobsen. Songlaget gav mange vene nummer mellom talane, og stemninga var sterk og alvorleg. Minnesteinen er hogd ut or fjellet i Auklandshamn av steinarbeidar Lars Hjortland, som og har hatt arbeidet med hogging og oppsetjing av steinen. På forsida av steinen er det to plater i bronse. Dei er teikna av Karl Hjortland og støypte i Stavanger.
På den eine plata ser ein brua av ei skip med eit fly over. Rormannen er fallen, og ved sida hans er det ein mann i bøn. På andre plata står namnet på dei som omkom, og orda «Falt for fedrelandet.»
Andre falne frå Valestrand er Jonas G. Aarvik (minnestein over dei falne i Vikebygd), John Mandius Johannesen Tveita (minnestein over dei falne i Sveio) og Martin Vermundsen Frøkedal.