Professor emeritus Gunnstein Akselberg kjem til Senioruniversitetet i Sveio.
Professor emeritus Gunnstein Akselberg kjem til Senioruniversitetet i Sveio. FOTO: UiB

Gunnstein Akselberg til Senioruniversitetet

Førstkomande måndag vil Gunnstein Akselberg halda foredrag i Sveio Senioruniversitet med tittel: Språk på reisefot.

I innlegget vil Akselberg leggja vekt på korleis språk er på reisefot heile tida. Språket reiser frå minutt til minutt, frå time til time, frå år til år, frå tiår til tiår, frå hundreår til hundreår, og frå tusenår til tusenår. Difor er språket vårt i dag slik som det er.

Gunnstein Akselberg er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB). Akselberg har særleg arbeidd med sosiolingvistikk, talemål og onomastikk (namnegransking), men han har også vore fagleg aktiv innom språklege emne som syntaks, morfologi, språkhistorie og etymologi. Han har dessutan arbeidd med ulike litterære emne og var norsk prosjektleiar for det store norsk-danske prosjektet «Ludvig Holbergs Skrifter» (2007–2014).

Akselberg har elles vore aktiv med fagleg formidling av nordiskfaget gjennom mange år i radio, fjernsyn, aviser, artiklar, bøker og ei mengd foredrag. Han har redigert faglege tidsskift og vore medlem av fleire nordiske forskingsnettverk. Av adminstrative verv har han mellom anna vore dekan og prodekan ved Det humanistiske fakultetet ved UiB, leiar av Det nasjonale fakultetsmøtet for humanistiske fag, medlem av universitets- og høgskulerådet (UHR), og visestyrar ved Institutt for lingvistikk, litteratur og estetikk (LLE).

Akselberg er og kjent for å ha medverka i mange år i NRK-programmet «Eides språksjåv» leia av Linda Eide.

Kjell Gunnar Nymark

 

 

Lesarbidrag

Har du eller din organisasjon arrangert noko, og ønskjer omtale i Vestavind? Send tekst og bilde til tips@vestavind-sveio.no

Hugs fullt namn på personar på bilde og namn på både forfattar og fotograf.