nyhende

Rekordmange vêrlam på kåring

Tolv bønder stilte med 128 vêrlam til kåring på idrettsplassen på Valestrand laurdag. 109 av lamma blei kåra og godkjente som avlsdyr, fortel Hege Vigre.

Publisert Sist oppdatert

Ho er leiar i Sveio Sau og Geit, som sto bak kåringa.

I Sveio har det har vore arrangert vêrakåring kontinuerleg sidan 1992.
Arrangementet samlar alltid ein del publikum i tillegg til dei bøndene som stiller med dyr til kåring. I år var det rundt 60 som møtte fram.

– Dette blei eit rekordår både med tanke på vêrlam til kåring og talet på dyr som blei kåra. I fjor blei for eksempel 113 viste fram og 95 blei kåra, fortel Vigre.

Talet på utstillarar auka også frå ti i fjor til tolv i år.

– Ei av dei som stilte ut i år var med for første gong. Det er også noko me merkar oss med glede, seier Vigre.

Samlar sauefolket

– Dette er eit årleg arrangement der me får samla alle sauefolk i kommunen, seier ho.

Vigre har vore leiar i lokallaget i to år.

– Me har to-tre arrangement årleg og folk eg flinke til å stilla opp, seier ho.

Framføre eine smaleflokken er Åshild Irene Lie og Cecilie Tønnessen-Vestbø i full gang med å bedøma individa. Først ut er ein flokk spælvêrar.

Lie brukar mange av helgene på hausten til å vera dommar, men er denne helga er ho sett opp som loggførar.

– Me ser etter bruksegeinskaper, som kroppen på dyret. Dessutan ser me på ull og beinstilling. Så er det litt ulike kriterier frå rase til rase.

Fleire rasar

Rasen norsk kvit sau var i fleirtal på idrettsplassen, men elles var det fleire fargerike innslag.
– Forutan norsk kvit sau skal me bedøma ryggjasau, kvit spæl, farga spæl, pelssau og villsau, oppsumerer Lie.

Powered by Labrador CMS