Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Sveiopar i NRK-serien Mancave:
Overvelda av responsen allereie
Sveibuane Cecilie og Ivar Lae Pedersen har fått massevis av respons allereie for deltakinga i NRK sin programserie Mancave.
Tredje episode i serien, som handlar om ekteparet på Krossleite, blir sendt på NRK 1 komande onsdag, men episoden har vore tilgjengeleg på nrk.no ei tid.
– Då dei tre første episodane blei publiserte, såg Cecilie og eg alle i samanheng. Etterpå kunne me bruka mest like lang tid på å gå gjennom alle meldingane som tikka inn på telefonen, fortel Ivar.
Vennskap og fellesskap
Dei er begge godt nøgd med jobben NRK har gjort og meiner det har blitt ein kjekk episode som framfor nokon av dei andre får fram verdien av vennskap og sosial omgang. Samstundes seier Ivar at opptaka inneheld så mange gode poeng at det kunne vore nok til to episodar.
– Nøkkelen til suksessen vår er at Cecilie og eg er saman om det. Dermed byggjer me opp forholdet vårt i staden for at mennene stikk av frå partnarane sine og berre er opptekne av hobbyane sine. Eg har sett nok av forhold som har gått dukken fordi damene ikkje har blitt involverte i det mennene driv på med, seier Ivar.
– Snakkar ikkje berre om bil
For han er veteranbilar den store interessa, som han har vore opptatt av i meir enn 30 år.
– Før eg møtte Ivar var ikkje eg bilinteressert på same måten. No synest eg det er veldig kjekt, seier Cecilie.
Ho innrømmer at ho ikkje er med og mekkar, sjølv om dei er mykje saman i garasjen. Retrogarasjen, som han gjerne blir kalla. Her er alle velkomne. Ivar har mange bilinteresserte venner, og mange av damene deira er også med. Cecilie og Ivar verdset at folk kan stikka innom utan at det er gjort avtale på førehand.
– Og me treng ikkje snakka om bil heile tida, slik det ofte har ein tendens til å bli i slike miljø, seier Ivar.
Cecilie er også ofte med på biltreff, og kjenner etter kvart mange i dette miljøet. Dei kombinerer ofte slike turar med camping og eventuelt harryturar til Sverige.
Møteplass
Ivar fortel at han lenge har hatt tankar om å innreia si «mancave» – eller like gjerne «retrocave» som ein møteplass for venner av begge kjønn. For ti år sidan kjøpte han huset der den tidlegare Lønne-butikken på Krossleite heldt til, og det var butikklokalet han hadde sett seg ut til føremålet. Han var difor rask med å melda seg på då NRK introduserte programplanane sine og etterlyste deltakarar som ville vera med.
– Kva med budsjettet? Var Cecilie sitt første spørsmål.
Det hadde ikkje Ivar tenkt så mykje på i starten. Det gjekk lang tid før det blei avklart at dei fekk vera med i programserien, men når det først skjedde gjekk det kort tid til opptak. Dei fekk dermed kort tid på seg til å ordna med finansieringfa. NRK stilte med rådgjeving og ein snekker, men mesteparten av utgiftene og ein god del av arbeidet måtte dei klara sjølve.
Venner hjelpte til
– Det hadde aldri gått utan hjelp frå gode venner. Den veka i april som gjekk med til opptak, arbeidde me dag og natt, fortel paret.
Ivar bestemte sjølv korleis «mancaven» skulle innreiast. Til dels måtte han kjempa med NRK-folka for å få det som han ville.
– Først etterpå såg dei også at det blei bra. Dette passar til huset vårt og speglar oss og det me legg vekt på: Sosial omgang og vennskap, seier paret.
Ivar understrekar kor viktig han synest det er at folk snakkar saman ansikt til ansikt, ikkje berre via tekstmeldingar og chatar på nettet.
Omgitt av utstillings-BMW-en og fleire andre køyretøy er «mancaven» innreia med fleire sittegrupper, frå amerikanskinspirerte dinerbord til chesterfieldsalong. Bardisken er også ei sittegruppe med stolar på begge sider. Men rommet er utan tv. Det er ein plass å snakka saman.