frå papirarkivet

Til minne om dei som fall i 2. verdskrig

Minnesteinar i Vikebygd og Førde

Saka var på trykk i Haustvind 2016.

Publisert Sist oppdatert

Faktaboks

Vikebygd

Jonas Årvik
motormann, Valestrand
Fødd 24. januar 1903 i Sveio, son til Gudmund Gunnarson Årvik og kone Guro Katrine Haraldsdotter. Gift 1935 i Haugesund med Ida Malene Grutle, f. 1910 i Bremnes. To barn. Var på m/t Innerøy, og sette livet til 22. januar 1942 då skipet vart torpedert i Atlantarhavet, på reis frå Aruba til Halifax.

Førde

Vilhelm Mikal Fagerland
styrmann, Vikebygd
Fødd 7. oktober 1914 i Sveio, son av Syvert Fagerland, f. 1873 i Sveio, og Anna Kristine f. Førde, f. s. st. Styrmannsskole. Var på nøytralitetsvakt på p/s Eidsvold og omkom då skipet blei senka utanfor Narvik 9. april 1940.

Bernhard Håvardsholm lærar, Sand
Fødd 30. juli 1898 i Sveio, son til Simon Håvardsholm, f. 1864 i Fjelberg, og Marta f. Aarvik, f. 1867 i Sveio. Gift 1933 i Fjelberg med Gudrun Fatnes, f. 1901 i Sand. 4 born. Lærarskule, millomskule og lærarhøgskulen. Var før krigen klokkar i Strandebarm og folkehøgskulelærar i Telemark. Var med som frivillig i kampane 1940. Reiste til England juni 1940. Gjekk inn i Kompani Linge 1941 etter å ha vore ei tid i flyvåpenet. Vart send til Noreg i oktober 1941 i hemmeleg oppdrag. Miste livet på heimvegen då m/k Blia kom bort i november 1941. Omtala i H. P. Lødrup: Vinjesvingen og i Norske skulefolk.


Kjelder:

Nett

  • Wikipedia
  • snl.no
  • minnehallen.no
  • www.uboat.net
  • skipshistorie.net
  • wrecksite.eu
  • hist.uib.no/digitalskolen
  • www.skipshistorie.net
  • regjeringa.no  – tale av tidligare forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i møte med krigsseglarar og pårørande, Risør 3. august 2013, tale i Fredsparken
  • bokselskap.no

Bøker

  • Våre falne, bind 1-4
  • Sveio i krig
  • Handelsflåten i krig 1939-1945: Hjemmeflåten, mellom venn og fiende
  • Brennpunkt «Westküste»
  • Valestrand under okkupasjonen: 1940-45
  • Sjøfolk i krig – haugalendinger ser tilbake – 50 år etter

Tidleg i krigen omkom to frå bygda i Førde. I 1945 valde ungdomslaget ei nemnd til å samla midlar og reisa minnestein. Den vart reist ved kyrkja, og i ettertida har det årleg på 17. mai vore minnehøgtid med tale og kransenedlegging. I 1947 vart innrama bilde av Håvardsholm og Fagerland avduka i ungdomshuset Myklatun, no heng dei på kvar si side av scena på Førde samfunnshus.

Kjelde: Førde ungdomslag 100 år (1993)


Jonas Årvik budde på Strømøy, men då han kom bort i krigen, var det kona sitt ønskje at han skulle stå på bautaen over sjømenn frå heimbygda hans.

Her står og Demandius M. Dommersnes og Jens Jenssen Årvik, som begge vart fødde i Sveio. Støtta står ved Vikebygd kyrkje.

Har du bilete eller eller meir informasjon?

Redaksjonen har tatt føre seg dei fire minnesteinane over falne etter 2. verdskrig som står i Sveio kommune. Om nokre har me funne skildringar og bilde frå dagen, medan andre ikkje er fastsett med dato for avduking. Dette gjeld mellom anna minnesteinen som står i Førde. Dersom det er nokon som har bilete eller anna relevant informasjon om desse fire minnesteinane, eller andre historier eller skjebnar me kan skriva om, ta kontakt med redaksjonen@vestavind-sveio.no

Minnesmerke, Førde kyrkje.
Vikebygd.
Powered by Labrador CMS