Han unngjekk å bli skoten av bombefly i Bømlafjorden og rydda miner i Marinen. Då Helge Økland endeleg fekk gå ut i langfart varte reisa under ein månad, før eksplosjonen var eit faktum. I Haugesunds Avis 20. februar 1948 fortel einaste overlevande om forliset.
Han unngjekk å bli skoten av bombefly i Bømlafjorden og rydda miner i Marinen. Då Helge Økland endeleg fekk gå ut i langfart varte reisa under ein månad, før eksplosjonen var eit faktum. I Haugesunds Avis 20. februar 1948 fortel einaste overlevande om forliset.

frå papirarkivet

Til minne om dei som fall i 2. verdskrig

Mineryddaren som kom bort på første utanrikstur

Sjølv om erobringsplanane til Hitler vart lagt i grus i 1945, skulle framleis mange familiar mista sine kjære i krigsforlis grunna dei fleire hundretusen minene som vart lagde ut i krigsåra.Helge Økland som hadde uskadeleggjort miner i Marinen, mista livet i 1948 utanfor Kroatia.Saka var på trykk i Haustvind 2016.

Publisert Sist oppdatert

Då Noreg med eitt var i krig, var Helge i 14-årsalderen. Heime på Økland hadde han opp gjennom åra tatt sine økter på garden i lag med sine to brør og to søstrer.

Av bufe hadde dei to kyr, eitt ungdyr, ein gris,  nokre sauer – og ein hest som Helge tykte spesielt godt om. Familien tenkte at det var yngstesonen som i framtida skulle ta over garden, det var han som hadde størst engasjement for det tunge landarbeidet.

Helge Økland.

Av barneflokken tilHans og Margrete Økland er det berre Margit Lien att, fem år var det mellom ho og storebroren Helge. Det er snart 70 år sidan han kom bort på sjøen, og veslesøstera som no har passert 85 år, hugsar godt broren sin. Med tida har det blitt lettare å snakka om det som hende. Ho fortel gjerne om broren som vart 22 år, og omstende rundt dødsfallet.

Året broren omkom fylte Margit 17 år. Ho likte godt å følgja med på dei tre brørne sine reiser i inn- og utland. På ein måte var familien heldig som fekk svar og stadfesting på kva som skjedde, for ein av mannskapet overlevde utruleg nok, og kunne gi sjøforklaring.

Helge vart konfirmert i den tida krigen braut ut. Som alle andre på same alder bar det ut i arbeid då han var rundt 15 år. Han fekk hyre hjå onkelen på ein båt som frakta stykkgods og gjekk mellom Stavanger og Bergen. Høyevarde var namnet, og gjekk jamt og trutt i Bømlafjorden, like forbi heimen i krigsåra. Ein gong passerte båten medan familien med uro følgde skipet med augene. Britiske fly var på tokt og hang over skipet.

– Me såg båten gå forbi Økland, me visste Helge var ombord. På same tid såg me engelske fly i lufta. Dei rekna nok alle skip som fiendtlege, men han gjekk klar, minnest Margit.

Våre allierte kunne opna eld mot dei som segla i heimeflåten, for å skilja mellom skip i tysk og norsk arbeid var ikkje lett. Tyskarane tok over kontraktane på norske båtar og hadde norske folk i arbeid.

Mat og naudsynt materiale vart frakta frå hamn til hamn – til soldatar og nordmenn. Skipet Helge jobba på gjekk til dømes med frukt og grønsaker frå Jæren om hausten. På rutebåten jobba han i fem år, før han vart kalla inn til Marinen.

Då Helge reiste inn varhan 21 år. Tenesta gjekk ut på UAM – uskadeliggjering av miner på ein minesveipar langs norskekysten.

Eitt år skulle han vera her, men han søkte fritak med påskot om å hjelpa til i slåttetida heime. Fri fekk han, men vart ikkje friteken for tenesta for godt, slik han håpte. Han ville nemleg ut i langfart snarast, slik som brørne. Tilbake i Marinen måtte han, noko ergerleg for at han i det heile tatt hadde søkt permisjon, og ikkje gjort tenesta ferdig der og då. Men faren sleit underarmen av seg under fiske då Helge var rundt 8 år gammal, så hjelpa heime var både naudsynt og kjærkomen.

Til jul 1947 var han tenestetida ute, og allereie 1. nyttårsdag 1948 gjekk han endeleg ut i langfart han og med kjøleskipet Argo for Valdemar Skogland. Mannskapet på 12 var for det meste frå vårt distrikt. Mellom anna var Johan L. og Birger Kvalvaag, opphavleg frå Sveio ombord.

Måndag 26. januar 1948 var skipet på veg frå Venezia, Italia til Rijeka, Kroatia – to sentrale hamnebyar i Middelhavet. Om kvelden tok dei inn til ein liten stad, sannsynlegvis ei øy knytt til Kvarnerbukta utanfor Kroatia.

Ferda vidare gjekk klokka 8 morgonen etter, ei kjelde opplyser at båten var lasta med tomatar. Like før vaktskiftet klokka 12.30 var det storm og høg sjø. Så kjem eksplosjonen.

I følgje ei kjelde blir Argo separert i to delar, femti meter frå kvarandre. Med sikkerheit kan ein seia at skipet eit halvt minutt seinare er på veg ned i Adriatarhavet.

Lettmatros Økland skal ha vore på brua då ulukka skjedde, eksplosjonen gjorde truleg kort prosess med 22-åringen. Heime i Valestrand herad får dei den tunge beskjeden rundt ei veke seinare.

Det var eit hardt slag. Av mannskapet på 12 overlevde utruleg nok Nils Mikalsen Hovland frå Fitjar, som i Haugesunds Avis 20. februar 1948 gjengir kva som skjedde.

Dei etterlatne var naturlegvis opptatt av kven Hovland såg igjen i sjøen. 7-8 av kameratane hans svømte omkring kort tid etter eksplosjonen, og ein berga nesten livet, men Helge Økland var ikkje av desse.

Haugesunds Avis 20. februar 1948.

Eine bror til Helge, Martin Økland skal ha vore på eit tilsvarande skip i same farvatn, til og med på same tid. Det har blitt fortalt at skipa med dei to brørne møttest i Adriatarhavet, og at mannskap frå storebroren sin båt til og med rodde over til Argo, men dette er ikkje sikkert.

– Då Martin var der nede såg han at det ville vera umogleg å koma på land, det var steile klipper i det området. Dei som svømte hadde ikkje sett Helge, fortel Margit. Til Haugesunds Avis fortel overlevande Hovland at han var i sjøen i 8 timar, før to sjøar førte han på sikker grunn.

Det var noko diskusjonom dei omkomne frå Argo skulle vera med i Våre Falne. Dei er ført opp i fjerde og siste bind, for ein konkluderte med at Argo var eit krigsforlis.

Powered by Labrador CMS