nyhende

Gler seg over rekordresultatet av årets TV-aksjon:

– Familiehus er ekstremt viktige

– Dette har me sterke meiningar om, seier Egil Aspevik og Åshild Øritsland Våge om temaet for årets TV-aksjon.

Publisert Sist oppdatert

Difor gler dei  seg over det rekordstore beløpet som kom inn under innsamlinga søndag, både lokalt i Sveio og på landsbasis.

– Mange kjenner folk som har eller har hatt kreft. Og mange foreldre er livredde for at barna deira skal bli råka av denne sjukdommen. Difor trur eg mange opplever nærleik til det arbeidet Barnekreftforeningen står for. Det var difor venta at resultatet skulle bli bra. Men rekord hadde eg ikkje venta, seier Åshild måndag føremiddag.

Tungt, men bra

Før helga fortalde ho og familien til Vestavind om sine eigne erfaringar då Andreas på åtte og eit halvt år fekk kreft.

– Det var tungt å fortelja om dette, men veldig bra om det påverka andre til å gi. Og det var heilt i Andreas si ånd å bidra, seier ho vidare.

Korkje Åshild eller Egil orka å gå med bøsser sjølve, endå kor heilhjarta dei støtta aksjonen. Døtrene hadde planar om å gå, men blei sjuke.

Barnekreftforeningen, som får pengane frå årets TV-aksjon, skal bruka folkegåva til bygging av familiehus ved sjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Familiehusa skal innehalda husvære der heile familiar kan få flytta inn når eitt av barna blir alvorleg sjuk og treng langvarig behandling. Åshild og Egil fekk oppleva behovet for slike leilegheiter, og forstår kor viktige dei vil vera for andre foreldre som kjem i same situasjon.

12 veker heimefrå

– På vårparten 2018 merka me at noko var galt. Etter ei CT-undersøking i Haugesund blei Andreas ganske raskt innlagt på Haukeland universitetssykehus i Bergen. Der blei han operert for ein stor svulst i hjernen. Etter operasjonen fekk han ei langhelg heime før ein periode på 12 veker med intensiv stråle- og cellegiftbehandling på Haukeland, fortel Åshild.

Under operasjonen oppsto det ein bløding som førte til at Andreas blei delvis lamma på venstre side og ikkje kunne gå skikkeleg. Dessutan kunne han ikkje lenger opna augeloket på høgre auga.

Situasjonen hans var slik at begge foreldra måtte vera saman med han på sjukehuset under den langvarige behandlinga.

I 2018 fanst det berre eitt hus med to leilegheiter i Bergen som familiar kunne bruka i slike situasjonar. TV-kjendisen Davy Wathne hadde donert dette huset til Barnekreftforeningen. Men det var så stor rift om desse leilegheitene at kvar familie berre fekk bruka dei i korte periodar om gongen. Det blei difor besteforeldra som måtte ta hand om dei to andre barna i desse 12 vekene.

Fekk låna leilegheit

– Me var jo heldigare enn mange andre, sidan me hadde eit familienettverk nær oss. Dessutan starta dette i sommarferien. Eg hadde ei tante i Bergen som lånte ut leilegheiten sin slik at besteforeldra kunne bu der ei stund saman med jentene våre. Då fekk me litt tid saman som familie, seier Åshild vidare.

Likevel er både han og Åshild tydelege på at dette var ei svært krevjande tid både for foreldra, men aller mest for barna. Søstrene Lotte Våge Aspevik (17) og Siren Våge Aspevik (11) stadfestar dette.

– Sakna mamma og pappa

– Eg var i overgangen mellom barn og ungdom den gongen, og det var ganske tøft å vera så lenge borte frå foreldra mine. Me var svært redde og usikre på kva som skjedde med broren vår. Samstundes var det flott at besteforeldra kunne stilla opp så mykje som dei gjorde. Og det var bra me fekk låna leilegheta i Bergen den sommaren. Me har jo mange gode minne frå den tida også, sjølv om det var tungt, seier Lotte.

Siren var berre fire og eit halvt år då broren var sjuk. Ho sakna foreldra svært mykje i den tida dei måtte vera på sjukehuset med Andreas.

– Det kjentest som eg budde hos mormor og bestefar i den leilegheita i Bergen heile tida. Eg gråt mykje fordi eg ikkje fekk vera hos mamma og pappa slik som andre barn, minnest ho.

Alvoret forsto ho først då ho fekk vera med mormor inn på overvakingsavdelinga etter operasjonen og etter at Andreas nett hadde vakna etter to døgn i kunstig koma.

– Då forsto eg kor farleg det var og blei veldig redd, seier elleveåringen i dag.

Viktig å vera saman

Siste jula Andreas levde, var dei også i Bergen på grunn av strålebehandling.

– Og fordi me hadde familie i Bergen, kunne me samlast som storfamilie. Det er svært viktig å ha sjanse til det. Me kjenner svært mange familiar som har hatt barn med kreft og som ikkje har vore så heldige. Difor er dei planlagde familiehusa ekstremt viktige, seier Åshild og Egil.

Andreas var sjuk i tre og eit halvt år. Han døydde i september 2021, litt over 12 år gammal. Det blei tidleg klart av behandlinga helsevesenet kunne gi, berre var livsforlengande. Etter den første, intensive runden i Bergen, blei mykje av behandlinga lagt til Haugesund sjukehus. Då fekk han koma heim mellom kvar behandling.

– I ein slik sjukdomsperiode blir ein heilt avhengig av sjukehusperonalet. Heldigvis er sjukehusa fulle av omsorgsfulle menneske. Dei blei som familie for oss. Enno i dag er dei som gamle kjenningar og vener når me møter dei, fortel foreldra.

Mange lyse minne

Både Åshild og Egil tok fri frå jobbane sine i den perioden Andreas var sjuk. Og i gode periodar tok dei heile familien med på alt Andreas hadde lyst til. Helikoptertur til Valdres (der Egil kjem frå) og tur til Øystein Sunde-konsert i Molde er berre to av mange kjekke opplevingar dei hadde saman.

Andreas sitt gode humør i heile sjukdomsperioden er ein viktig grunn til at dei sit att med så mange lyse minne også frå desse krevjande åra. Han var full av liv, ikkje redd, men optimistisk og glad. Og han var opptatt av at familien måtte halda saman og ha det kjekt, også etter at han var borte.

Som premie for den harde jobben han måtte gjera då han blei sjuk, fekk dyrevennen Andreas oppfylt ønsket om ein hund. Han og Bella, som hunden heiter, blei bestevenner. Bella fekk eit kull med kvalpar medan Andreas levde. Ein av dei selde han og gav pengane til sjukehusklovnane.

– Når dei har betydd så mykje for meg, vil eg gi noko tilbake til dei, sa han då han blei intervjua på Dagsrevyen i NRK om denne gåva.

Reflektert og engasjert

Også på andre område var han samfunnsengasjert. Han ville at folk skulle oppføra seg skikkeleg mot kvarandre og ta vare på jorda. Dette førte mellom anna til at han klarte å samla inn 140.000 kroner til prosjektet Ocean Cleanup, som samlar opp plastavfall i verdshava ved hjelp av ein trål-liknande reiskap som er utvikla av det norske selskapet Mørenot.

Dei siste månadene Andreas levde, låg han stort sett til sengs. Taleevna hans blei blei også etter kvart svekka. Egil fortel at han las mykje for guten sin i denne tida. Ein kveld før han skulle seia god natt, spurde han korleis dagen hadde vore.

– Eg har hatt ein fin dag eg, pappa, sjølv om eg veit at eg er døyande, svarte Andreas.

– Han var ekstremt reflektert. Me brukar å seia at han blei gammal og klok før han fylte 12 år, legg Åshild til.

Powered by Labrador CMS