nyhende

Marianne Bårdsen Lønning i Sveio Lions gler seg til ein triveleig kveld for damene på Golfhuset.
Marianne Bårdsen Lønning i Sveio Lions gler seg til ein triveleig kveld for damene på Golfhuset.

Inviterer til aftan for berre damer

Sveio Lions har berre to damer som medlemmer. Det vil dei gjera noko med, og inviterer til «Damenes aften» for første gong neste fredag.

Publisert Sist oppdatert

Sveio har ein aktiv Lions-klubb, men medlemsmassen består stort sett av menn. Unntaka er Lillian Mjånes og Marianne Bårdsen Lønning.

– Me fann ut at me måtte gjera noko for at fleire damer skal få opp augene for alt det positive Lions gjer i nærmiljøet, nasjonalt og internasjonalt. Men først og frem vil me laga til eit kjekt arrangement for alle damene Sveio, så ta med deg ei venninne og kom oppmodar Lønning.

Innhaldsrik kveld

Til «Damenes aften» får ho og Mjånes hjelp av Alfhild Vikse og Målfrid Nymark.

– Begge har menn som med i Sveio Lions, så kanskje me får damene til å bli medlemmer også etter denne kvelden, spøker Lønning.

Golfhuset er staden fredag 1. november for dei som har lyst til å ha ein triveleg kveld med både underhaldning med TeArtig, mannekengoppvisning, foredrag, loddsal og forfriskingar.

Forlenga påmeldingsfrist

– Kleda som blir vist fram kjem frå Straa klær og interiør på Oasen, og tapas er inkludert i billetten. Overskotet frå arrangementet går til Kirkens Bymisjon sin juleaksjon, fortel Lønning.

Det er plass til 70, og blir det fleire påmeldte enn det blir det oppretta venteliste. Påmeldingsfristen er forlenga til 27. oktober. Meir info om korleis du melder deg på finn du på Kva skjer? i nettavisa eller annonse i papiravisa.

Powered by Labrador CMS