nyhende

Bok om Einar Økland sine samlingar lansert på Sveio folkebibliotek:

– Som å overleva seg sjølv

Onsdag blei boka om Einar Økland (83) sitt livsverk i samling lansert på nasjonalt nivå. Det skjedde under eit arrangement i Sveio folkebibliotek der hovudpersonen sjølv var til stades saman med redaktørane og forleggaren.

Publisert Sist oppdatert

– Eg er heilt overvelda over kva forfattarane og forlaget har fått til. Presisjonsarbeidet er imponerande. Samstundes er eg mest flau over at dei har brukt så mykje tid på meg og mitt. Eg har ikkje vore med på noko slikt før. Vanlegvis kjem slike bøker ut hundre år etter at personen er død. Dette er mest som å overleva seg sjølv, seier Einar Økland til Vestavind.

Då planane om boka kom opp for tre år sidan, gav Økland forfattarane frie hender. Han har fått lesa det ferdige manuskriptet for å unngå misforståingar, men han har ikkje fått godkjenna boka på førehand. Likevel er han svært glad og godt nøgd med resultatet.

Stort materiale

Boka er redigert av Ottar Grepstad og Sverre Tusvik. Grepstad er forfattar og har hatt ei rekke stillingar innan Samlaget, vore redaktør av Syn og Segn og grunnleggar av Nynorsk kultursentrum. Tusvik har også vore redaktør i Syn og Segn og hatt sentrale roller i Samlaget, der han mellom anna har arbeid mykje med og for Einar Økland. Med seg i intervju- og skrivearbeidet har dei to redaktørane hatt sveioforfattaren Agnes Ravatn og kunsthistorikaren Jorunn Veiteberg frå Stord.

– Boka er blitt til gjennom meir enn 50 timar lyd- og filmopptak av samtalar med Einar Økland. Me har også lese alt han har gitt ut av sakprosa i bokform, 4.729 sider, og dei andre bøkene han har gitt ut frå og med den første i 1963, sa Ottar Grepstad då han presenterte boka på Sveio folkebibliotek.

Materialet som er samla inn, er mykje meir omfattande enn det som har fått plass på dei 335 sidene i boka. I samtale med Vestavind seier Grepstad at han difor håpar at opptaka og materialet elles blir tatt vare på av ein eller annan institusjon.

Unik samling

Grepstad fortel at initiativet til boka kom frå Einar Økland sin son, Ask Økland. Tanken var å ta vare på noko av den kunnskapen Einar Økland sit inne med, men ikkje sjølv har skrive om. Det gjeld dei fysiske samlingane hans og alt det han til no berre har hatt i hovudet.

I boka blir Økland kalla vismannen frå Valevåg. Han er kanskje best kjent som forfattar og redaktør av 104 bøker, men han blir også omtalt som samlar, historikar, betraktar, lesar, snakkar, lyttar, sjåar og aktør. Grepstad gir nokre eksempel på kva samlingane til Økland inneheld.

– Fleire hundre eldre bildebøker, mange hundre periodika i form av tidsskrift, skjemteblad og julehefte, langt over 500 utklippsalbum og album med glansbilde, godt over 300 utanlandske postkort med norske motiv, ei utsøkt samling med kort der Haraldsstøtta i Haugesund er motiv, fleire hundre kortstokkar, ti plastkassar med brettspel, 2.000 brevmerke, 400 masseproduserte bokmerke og mengdevis av samlemerke som barn har samla på.

I tillegg har han også samla hyllemeter på hyllemeter av bruksgrafikk på blekkboksar, hundrevis av grammofon- og cd-plater, bortimot 1.000 konsulentrapportar om bøker og ei unik samling brev frå nær 50 forfattarar. Til saman er det snakk om ei samling på 453 hyllemeter.

– For meg er dette kulturhistorie. Eg har tatt vare på det som referansemateriale til hjelp i skrivearbeidet, seier Økland sjølv.

Finansiert av Vangsgutane

Boka er gitt ut på Fonna forlag. Forleggar Kjartan Helleve fortel at opplaget er på 1.000 eksemplarar. Han håpar boka kjem med i innkjøpsordninga til biblioteka, som dermed vil kjøpa 650 eksemplarar.

– Dette er ei viktig bok, men med så lite opplag kan det vera vanskeleg å gå i balanse, seier Helleve.

Han forklarar også kvifor Fonna forlag kan satsa på nisjeproduksjonar som dette.

– Me gir ut det tradisjonsrike juleheftet Vangsgutane. Med eit opplag på 13.000 gir dette bladet eit solid overskot som me brukar til å subisdiera andre prosjekt, seier han.

Powered by Labrador CMS