frå papirarkivet

1954: Eivind Vestvik, Reidar Eriksen, Randi Krahl, Liv Mjånes og Grete Fagerland.
1954: Eivind Vestvik, Reidar Eriksen, Randi Krahl, Liv Mjånes og Grete Fagerland.

Den første lærarjobben

Det er ikkje kjend kven som fanga dette motivet i 1954, men eit kjært minne har det blitt. – Eg har hatt dette bildet hengande på kjøkenet i 30 år, fortel tidlegare frøken Randi Krahl frå Bergen.Saka var på trykk i Haustvind 2016.

Publisert Sist oppdatert

Auklandshamn:Det var på Eikeland ho hadde sin første lærarjobb, og tida hugsar ho godt. Ho vart godt tatt i mot i bygda, og elevane har kjære minne om frøken Krahl.

– Me slo ball, men skuleplassen var for liten, så me brukte vegen. Eg var 19 år og likte veldig godt å vera ute i naturen, litt annleis enn andre lærarar fortel Randi, som sidan vart gift Rønhovde. Året på Eikeland var fantastisk for ei ung frøken. Skulehuset var nytt, og i kjellaren fekk ho ha gymtimar. Sjølv kom ho rett frå gymnaset, og hugsar godt lærar Bua.

– Han var ei god støtte. Han hjelpte meg på alle vis, minnest ho. I andre etasje på skulehuset fekk ho bu. Det var ikkje ferdig innreia, men der var stor stove og kjøken.

Ungdomane i bygda nærmast klatra opp etter takrennene for å kikka inn vindauga og på den unge lærerinna.

– Eg hugsar at dei fekk kjeft av lærar Bua, dette gjekk ikkje an! ler Randi, som vart godt kjend med jamgamle i bygda. Det hende at dei fekk gamle Stølås til å frakta dei i drosjen til Oa på dans.

No er Randi Rønhovde 82 år gammal, og har lagt 40 år i læraryrket bak seg. På kjøkenet heime i Bergen heng bildet i rame. Kvar jul får ho telefon frå Reidar på bildet, og jamleg bruker ho kakefatet som ho fekk i gåve av Eivind Vestvik i den tida.

Powered by Labrador CMS