Natt til søndag skiftar me frå sommartid til vintertid.
Natt til søndag skiftar me frå sommartid til vintertid. FOTO: Ellen Marie Hagevik (arkiv)

På tide å stilla klokka igjen

Natt til søndag skal klokka stillast ein time tilbake til vintertid. I dag stiller mange klokker seg sjølv, men hugs å stilla dei som ikkje gjer det.

Det offisielle tidspunktet for å gå frå sommartid til vintertid er klokka 02.00 den 27. oktober. Då stilles klokka tilbake til 01.00. Me får ein ekstra time av natta dette døgnet, og litt lysare morgonar framover.

Historien om sommar- og vintertid er ønsket om å nytta dagslyset best mogeleg. Innføring av sommartid var noko ein snakka om i fleire hundre år, og Benjamin Franklin har fått æra av å introdusera ideen i 1784.

Lite å spara i nyare tid

Men det var først under første verdskrig at ordninga var sett i verk av Tyskland. Då fekk samfunnet ein time meir med lys og dermed ein time mindre kor dei måtte nytta dyrebar energi på kunstig lyd.

I nyare tid ser det ut til at sommartid har liten effekt på energiforbruket. I USA har ein rekna på effekten av sommartid, og dei har kome fram til at landet som heilskap sparar 0,03 prosent straum på å stilla klokka.

Innført og fjerna

Sommartid har vore innført og fjerna fleire gongen i Noreg. Sommartid, som også fører til vintertid, vart avvikla etter 2. verdskrig. Så blei sommartid innført igjen på slutten av 50-tallet, før ordninga nok ein gong blei avvikla av Stortinget i 1965.

I 1980 bestemte Noreg seg for å følga resten av Europa, og sidan har me fulgt EU-standarden: Éin time fram siste søndag i mars, og éin time tilbake siste søndag i oktober.