nyhende

Fryktar store steinblokker skal rasa ut

Nils Eivind Lyngholm fryktar at steinras kan føra til ei alvorleg ulukke på Gullvegen like nord for krysset med Paddevegen på Mølstre.

Publisert Sist oppdatert

Han peikar på ei fjellside med svært lagdelt berg som han meiner skulle vore sikra mot ras for lenge sidan.

Stadige streinsprang

– Her rasar det stadig ut større og mindre steinar. Eg har meldt frå, og det har blitt rydda opp. Men det er ikkje gjort noko for å hindra nye steinsprang og ras. Det synest eg er for dårleg. Om vinteren når det er fare for frostsprenging køyrer eg så fort eg kan forbi denne staden. Men det hjelper jo lite om det kjem ei stor steinblokk nett i det eg eller ein skulebuss passerer, seier Lyngholm.

Med meir nedbør meiner han rasfaren vil auka. På toppen av berget veks store tre som også kan fylgja med i eit større ras.

Lyngholm dagpendlar frå Lyngholmen til Kårstø på jobb. Gullvegen og Paddevegen er då delar av arbeidsvegen hans, om han ikkje vel Markavegen mellom Eltravåg og Nordskog.

– Ingenting blir gjort

Lyngholm er ikkje den einaste som er uroa over det rasfarlege vegpartiet. Jan Olav Næss, som sjølv er entreprenør med gravemaskin, seier han har tatt saka opp med vegstyresmaktene fleire gonger.

– Men ingenting blir gjort. Det må vel vera 25 år sidan eg første gongen hadde kontakt med  Statens vegvesen om problemet. For ikkje så lenge sidan tok eg saka opp med eit par representantar for fylkeskommunen som var her for å sjå på ei avkøyrsle. Dessutan viste eg det rasfarlege partiet til ordførarareen i Sveio  då han var med meg i lastebil for å sjå på ulike vegstrekningar, seier Næss.

– Må det skje ei ulukke først?

Han meiner fjellsida verkeleg er rasfarleg, og spør om det må ei dødsulukke til før noko blir gjort.

– Her er det ikkje snakk om store kostnader heller. Eg vil tru at mykje kan bli gjort for 30.000-40.000 kroner, seier Næss.

Vil ta ei ny vurdering

– Kva meiner Vestland fylkeskommune som vegeigarar om saka, og ligg det føre planar om noko form for sikring?

– Ut i frå tidlegare observasjonar har det ikkje gjeve oss grunnlag for bekymring knytt til dette punktet. Det føreligg difor heller ingen plan for sikring ved Fv. 4980 Gullvegen per i dag. Men det er  klart at me tek alle bekymringsmeldingar på alvor, og vil i dette tilfellet ta ei ny vurdering av den aktuelle skjeringa. seier Morten Stokken, som er byggeleiar i Drift SØR Avdeling for infrakstruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

– Ei av kjeldene me har snakka med, som sjølv er entreprenør, seier 30.000-40.000 kroner vil vera nok til å gjera staden mykje sikrare. Har du ein kommentar til det?

– Det er vanslekt å anslå noko om kostnadar før enn eventuelt får utarbeid ein rapport frå geolog, avsluttar Stokken.

Saka blei oppdatert med svar frå fylkeskommunen klokka 09.17 tysdag 29. oktober.

Powered by Labrador CMS