Hummarfisket er godt i gong og teinedublene ligg som perler på snor langs land i Sunnhordland. Fisket har lange tradisjonar i vår region, som langs resten av sør- og vestlandskysten opp til Møre. I heile etterkrigstida fram til 1960-talet var Noreg mellom dei landa i Nord-Europa med størst fangst av hummar.
Inntektene frå hummarfisket var viktige for folket langs sør- og vestlandskysten, med årleg fangst på mellom 600 og 1.000 tonn. Dei siste 100 åra er bestanden redusert med 90 prosent og gjev fangstar på mellom 30 og 60 tonn kvart år. Hummar er difor vurdert som truga og står på «raudlista» i Artsdatabanken. Då skulle det vera ei trøyst å lese at resultata frå årets hummarfiske så langt viser ein liten oppgong, om enn berre i indre Skagerak.
Havforskingsinstituttet tør likevel ikkje konkludere med at eitt års minimal auke lengst sør på kysten betyr ein gryande bestandsauke, men viser til at det kan skuldast faktorar som moderne og betre teiner, at dei som rapporterer til HI stadig får meir erfaring samt at det er lettare å fanga hummar når sjøtemperaturen er over gjennomsnittet slik den har vore på Sørlandet så langt i år. Og framleis er me på eit nivå som er 90 prosent lågare enn for 100 år sidan.
I Sunnhordland står Hummarparken i Espevær som eit monumentalt minne etter det store hummarfisket her på 17- og 1800-talet, restaurert og freda av Riksantikvaren og tildelt høgthengande Europa Nostra-diplom. Det er svært prisverdig at me tek vare på dette unike byggverket frå 1880-talet som i si tid kunne hysa 22.000 hummarar for eksport. Men me bør også ta vare på hummaren sjølv, den som er grunnlaget for det tradisjonsrike næringsbygget som me tek vare på for komande generasjonar.
Fiskeridirektoratet oppmoda i 2014 alle kystkommunane om å etablere heilårlege fredningsområde for hummar, og hummartettheita i dei områda der oppmodinga er teke til følge viser ein solid bestandsauke. I Trollsøy fredningsområde i Austevoll er bestandsauken på heile 450 prosent etter 5 års freding. Og hummaren sprer seg sjølvsagt ut frå fredingsområda til dit hummarfiske er tillete.
Fredingsområda gagnar altså både naturen sjølv og hummarfiskarane. I Sunnhordland er det likevel berre Austevoll som så langt har følgt tilrådinga frå Fiskeridirektoratet, og som nemnt med godt resultat.
Med dei lange og rike tradisjonane hummarfisket har i Sunnhordland, og det ansvaret me kvar og ein har for berekraftig forvalting av naturressursane, bør alle sunnhordlandskommunane ta oppfordringa frå Fiskeridirektoratet samt Austevoll sitt døme til følge. 37 prosent av Sunnhordlandsregionen er sjø, og omsynet til berekraftsmål nr. 14 Livet i havet bør står svært sterkt hos oss.
Sunnhordland UNESCO Globale Geopark oppmodar med dette lokalpolitikarane i regionen om å føreslå at eit høveleg sjøområde i sin kommune vert utreda og vald til heilårsfreda hummarreservat. Me sunnhordlendingar må gjera vårt for å få hummaren ut av raudlista!
Brynjar Stautland
Dagleg leiar Geopark Sunnhordland