Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Rådmannen sitt forslag til budsjett og økonomiplan:
Ikkje pengar til badeanlegg og idrettshall
Rådmannen i Sveio foreslår investeringar på rundt 43 millionar kroner i 2025. Det er ikkje sett av ytterlegare midlar til badeanlegg i økonomiplanperioden, som varer fram til 2028. I staden foreslår rådmannen rehabilitering av eksisterande basseng.
Det er ikkje avsett midlar til til nyskapande aktivitetsanlegg heller i perioden. Rådmannen grunngir dette med at det ikkje er vedtatt kva som skal byggjast.
I budsjettet for 2022 blei det sett av pengar til grunnarbeid for idrettshall og trafikksikring ved Sveio skule.
187 millionar i perioden
For heile økonomiplanperioden er det sett av 187 millionar kroner til investeringar. 2026 ligg an til å bli det største investeringsåret, med ein samla sum på over 85 millionar kroner. Rundt halvparten av denne summen, 43,5 millionar, går til ny barnehage i Sveio sentrum.
Rådmann Jostein Førre og økonomisjef Petter Lura presenterte forslaget til budsjett for neste år og økonomiplan for åra fram til og med 2028 i forkant av kommunestyremøtet måndag.
Forevatnet på topp
Den største enkeltinvesteringa som er foreslått i 2025, er åtte millionar til nytt vassbehandlingsanlegg ved Forevatnet. Den same summen er også sett av i 2026.
Hakk i hel følgjer Førde brannstasjon med sju millionar. Til brannstasjonen er det også sett av midlar tidlegare, og det er foreslått nye sju millionar også i 2026. I tillegg til dette er det foreslått fem millionar kroner til ny mannskapsbil for brannmannskapa i Førde i 2025. I ein merknad heiter det at prisen er usikker.
Fem millionar kroner er også ført opp til nytt pasientvarslingsanlegg ved Sveio omsorgssenter, men først i 2026. Rådmannen foreslår 2,5 millionar kroner til asfaltering kvart år i økonomiplanperioden. Til kommunehuset, gammal del, er det sett av ti millionar kroner i 2026 og same sum i 2027. Det er sett av fleire mindre summar til rehabilitering av kommunale bustader.
Trange rammer for drift
Forslaget til driftsbudsjett for 2025 inneber eit driftsresultat på 6,7 millionar kroner eller 1,0 prosent av brutto driftsinntekter. Driftsbudsjettet til dei ulike einingane kan opplevast generelt låge, skriv rådmannen i sine merknader. Utgangspunktet er rammene som blei vedtatt av kommunestyret under budsjettrevisjonen i juni i år. Det inneber ein generell auke på 4,0 prosent i forhold til 2024, men 0,1 prosent lågare enn regjeringa har lagt til grunn for statsbudsjettet for 2025.
Helseavdeling med fellestenester får to millionar kroner i auke i tillegg til justering for pris- og lønsvekst. Pleie og omsorg får auka ramma med fire millionar. Oppvekst skule får 500.000 meir til læremiddel.
Debatten startar måndag
Det blei ikkje lagt opp til debatt etter presentasjonen måndag. Politikarane får første sjanse til å koma med spørsmål og kommentarar på eit utvida formannskapsmøte neste måndag. Under eit innlegg om tiltak for å auka elevtalet i Sveio-skulane, utfordrar likevel Asle G. Halleraker (TvF) rådmannen på spørsmålet om kvifor ikkje den nye barnehagen var ført opp på 2025-budsjettet.
– Det skullast ikkje utsetjing, men rett og slett fordi det er først i 2026 me er klare til å bruka desse pengane, svarte Førre.
Gruppeleiaren for det største opposisjonspartiet, Linn Therese Erve (Ap), kommenterte budsjettforslaget overfor Vestavind i ein pause.
– Ikkje så verst
– Førsteinntrykket er at dette ikkje er så verst. Det er ikkje foreslått nokon store kutt, men me vil sjå nøye på det som er avsett til skulesektoren, seier Erve. Elles er me svært nøgde med at rådmannen har funne plass til diakonstillinga som skal finansierast saman med kyrkja og Gjenbruksløa. Dette er eit førebyggjande tiltak som me helsar velkommen, seier ho.
Erve legg til at ho gler seg over ekstraløyvinga til kommunesektoren frå regjeringa si side som inneber at Sveio får rundt 4,5 millionar ekstra inntekter neste år.