nyhende
Fullt hus og god stemning på damenes aften
Sveio Lions sin damenes aften blei ein suksess. – Dette freistar til gjentaking, seier Marianne Bårdsen Lønning.
Ho fortel at arrangementet på Golfhuset var fullbooka allereie halvanna veke før fredagen. I tilfelle nokon av dei påmelde trekte seg, var det også ein heil del som sto på venteliste.
Dei fire damene som sto for arrangementet fekk betalt for innsatsen med 70 glade damer, god stemning og eit loddsal langt over det dei hadde forventa. Dei måtte difor ut og få fatt i fleire loddbøker undervegs.
– Over all forventing
– Kvelden gjekk rett og slett over all forventning, og det freistar til gjentaking. Då trur eg me må sjå etter eit større lokale, for heilt fram til fredagen tok folk kontakt og ville vera med, fortel Marianne Bårdsen Lønning, som takkar alle som bidrog med gevinstar, og Sveio Blomster for utlån av blomar til bordpynt.
Linn Therese Erve leia kvelden, Mathias Vikse fortale om Sveio Lions og oppfordra damene til å bli med, Gerd Jorunn Christiansen fortale om arbeidet til Kirkens Bymisjon, og TeArtig bidrog med artig underhaldning.
Lokale mannekengar
– Mannekengoppvisinga med klede frå Straa klær og interiør var eit av høgdepunkta med mange fine antrekk, seier Bårdsen Lønning.
Ho var ein av fire lokale damer som stilte opp som mannnekengar. Dei andre var Hilde Froestad Hansen, Wenche Bjelland og Britt Elin Hovda Mølstre.
Resultatet i kroner og øre har ikkje Bårdsen Lønning oversikt over i skrivande stund. Det blir klart når rekneskapen er gjort opp mot slutten av veka. Overskotet går til Kirkens Bymisjon sin juleaksjon.
Vil ha med fleire damer
Eit av måla med kvelden var å få fleire damer med i Sveio Lions.
– Ingen meldte seg inn i løpte av kvelden, men me vurderer å få til eit eige informasjonsmøte etter kvart. Det vil vera ope for alle som er interessert, seier Bårdsen Lønning.