nyhende

Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) i Vindafjord. Arkivfoto: Torstein Tysvær Nymoen
Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) i Vindafjord.

– Ikkje ønskeleg med utsetjing

Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) synest det er synd at styret i Dommersnes AS/Windafjord Port har bestemt seg for å utsetja oppstarten av fase 1 på Dommersnes. Samtidig har han forståing for avgjerda.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar og omarbeidd av redaksjonen i Vestavind.

– Det er ikkje ønskeleg. Me hadde absolutt sett for oss at fase 1 skulle koma i gang, seier ordførar Ole Johan Vierdal (Sp).

GRANNAR/ÅLFJORDEN:

Dommersnes AS, marknadsført som Windafjord Port, blei oppretta i 2023 for å utvikla Dommersnes industriområde i Vikebygd. Vindafjord kommune og Westcon Yards eig kvar sin halvdel.

Fase 1 er første steg i planane om utvikling av industriområdet på Dommersnes til potensiell serieproduksjon for havvindnæringa, og omhandlar tidlegare nytta område. Fase 2 vil ta meir areal i bruk, medan fase 3 kan omfatta alle dei over 500 måla som er regulerte til industri, og vil krevja at Vikevegen blir lagt om.

Forstår usikkerheit

Onsdag vedtok styret i Windafjord Port å utsetja oppstarten av fase 1 på Dommersnes inntil vidare.

Vierdal trur ikkje usikkerheita i havvindmarknaden kan spolera heile Dommersnes-prosjektet, men skjønar aktørane som tviler. Han fortel at kommunen har vore tydeleg inn mot myndigheitene på at dei må komma med konsesjonar. Når konsesjonane ikkje har komma, forstår han at styret har gjort ei risikovurdering og tatt ein fot i bakken. Samtidig trur han at det kunne ha vore ein fordel inn mot aktørar i havvindbransjen om ein var komen i gang på Dommersnes.

Prosessen med å utarbeida ny reguleringsplan for området, som også vil inkludera fase 2 og 3, går vidare som planlagt. Ordføraren meiner at utsetjinga av fase 1 ikkje vil få noko å seia for korleis reguleringsplanen blir vurdert politisk, og viser til at Statsforvaltaren i Rogaland tidleg sa at alle fasane kunne sjåast under eitt.

Framleis ser Vierdal på havvind som mest relevant for utviklinga av området, men han understrekar at selskapet har vore klare på at det kan komma andre verksemder, og trur dei jobbar parallelt.

Avhengig av myndigheitene

Nyleg vedtok både kommunestyret i Vindafjord og styret i Westcon Yards å skyta inn inntil fem millionar kvar i Windafjord Port. Utsetjinga får ingen konsekvensar for dette. Dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port opplyser at det trengst midlar for å fullføra prosessen med reguleringsplanen. Per no har han ikkje noko tidsperspektiv for når dei vil gå i gang med fase 1.

– Det kjem litt an på om det er endringar i marknaden, støtte og alt mogleg, fortel Jorde, som forklarar at også marknaden for anleggsarbeid er viktig.

No opplever selskapet at det er ein usikkerheit i havvindmarknaden. Jorde fortel at mykje kviler på myndigheitene si framdrift og gjennomføring innanfor havvind og om det kjem nokre nyheiter derifrå som gjer at marknaden verkar sikrare enn det gjer i dag.

– Me føler at det også er viktig å sjå på andre moglegheiter for området, seier den daglege leiaren.

– Skremmande

Dei som har vore tydelegast i si motstand mot satsinga på Dommersnes, er foreininga Bevar Ålfjordens Perle. Styreleiar Jon Magne Svendsbøe seier at med siste tids utvikling innan havvindbransjen er utsetjinga ikkje overraskande og såleis fornuftig.

Svendsbøe meiner det er trist og litt skremmande å tenkja på kor skjørt og usikkert dette prosjektet er i forhold til bygda. Han omtalar at ein går frå «lovnad» om «fleire hundre arbeidsplassar» til ingenting på så kort tid.

– Tenk om ein allereie hadde skote ut og planert eit stort krater i terrenget, fjerna fleire hytter og fylt ut ei heil bukt i sjøen når det blei full stopp, avsluttar styreleiaren.

Powered by Labrador CMS