nyhende
Mysteriet med «kvitt dyr» er løyst
Natt til torsdag small det igjen på E39, og meldaren omtalte dyret som eit «kvitt dyr». Det var forslag om både sau og isbjørn, men viste seg å ikkje vera nokon av delane.
Meldinga gjekk ut på at kollisjonen hadde skjedd på E39 ved Førde natt til torsdag, og at dyret stakk til skogs etterpå.
Det viser seg at dyret er eit rådyr, og det blei funne ved Drange, som med litt godvilje kan seiast å vera nær Førde. Rådyret kom ikkje langt frå vegen før det segna om og døydde.
Sidan 22. september har det vore ni viltpåkøyrsler i Sveio, og no lovar Statens vegvesen lysvarsling nord i kommunen der det skjer flest påkøyrsler: