Fuglar og dyr i nærnaturen. Dette er i korttekst det du kan få oppleva måndag 25. november. Då kjem nemleg Jan Rabben til Sveio Senioruniversitet. Bileta er mest frå nærnaturen den han bur, men han vil og ta med noko frå Sveio-naturen.
Jan Rabben er fødd i Ålesund i 1952, har budd på Stord sidan 1991. Han har universitetsutdanning i biologi og geografi. Som yrkesbakgrunn har han jobba som frilans naturfotograf og forfattar det meste av yrkeslivet og mellom anna gitt ut 13 bøker, åleine eller saman med andre.
Han har dei seinare åra levert tekst og bilete til ei lang rekkje opplysningsskilt med informasjon om flora, fauna og geologi. Han held også lybildeforedrag.
Johanne Byrkja Jacobsen
Vestavind skreiv for eit år sidan om Rabben og det siste bokprosjektet hans:
Lesarbidrag
Har du eller din organisasjon arrangert noko, og ønskjer omtale i Vestavind? Send tekst og bilde til tips@vestavind-sveio.no
Hugs fullt namn på personar på bilde og namn på både forfattar og fotograf.