Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Meiner eit vindkraftverk aust for Ålfjorden vil ha negative konsekvensar for Sveio:
– Prosjektet må stoppast
– Alle som kan bli påverka av planane om eit vindkraftverk på Måkafjellet i Vindafjord, vil få høve til å uttala seg gjennom to høyringsrundar, skriv forretningsutviklar Mats H. G. Jønland i Eviny i ein e-post til Vestavind.
Ordførar André Mundal Haukås seier han reknar med at Sveio får uttala seg i alle fall når det kjem til regulering av området, slik tilfellet også var i samband med reguleringsplanen for Dommersnes.
Sjølv har ikkje Haukås gjort seg opp noko meining om eit eventuelt vindkraftverk aust for indre del av Ålfjorden. Dette har heller ikkje vore tema i Høgre-gruppa så langt, seier han.
– Alvorlege konsekvensar
Andre, både i Sveio og Tysvær, er skeptiske til planane, og signaliserer alt no tydeleg motstand. Kommunestyrerepresentant Kjartan Moe Hustvedt (MDG) i Sveio er ein av dei som stiller seg kritisk til innhaldet i Eviny sitt planinitiativ.
– Sveio MDG er imot utbygging av vindkraftverket Slettene i Vindafjord. Det planlagde vindkraftverket vil ikkje berre få alvorlege konsekvensar for lokal natur, men også ein enorm landskapsverknad langt ut over Vindafjord si kommunegrense. Prosjektet må stoppast, seier Hustvedt til Vestavind.
– Ikkje heile sanninga
Ein av dei som har vore med på å gjera energi- og teknologikonsernet Eviny sine utbyggingsplanar i Vindafjord kjende, er Bjarne Jensen, leiar i Motvind Tysvær. I eit lesarinnlegg som er publisert både av Vestavind og andre lokale media, hevdar Jensen at Eviny ikkje fortel heile sanninga om prosjektet sitt og at planinitiativet dessutan inneheld feil opplysningar om talet på hus og hytter som vil bli berørte. Prosjektet har fått namnet Slettene, noko han også meiner er misvisande i forhold til topografien i området.
Karl Andreas Knutsen i Haugesund Turistforening er også skeptisk og meiner nabokommunane har god grunn til å engasjera seg. Det har skjedd andre stader, seier han, og viser til Sør-Rogaland. Då selskapet Hydro Rein kom med eit planinitiativ for utbygging av vindkraft i Sirdal, engasjerte nabokommunane Lund og Gjesdal seg mot utbygging.
– Råkar turområde
– Me er ikkje imot vindkraft i alle samanhengar, men engasjerer oss når planlagde vindkraftprosjekt går ut over natur og turterreng som me arbeidar med. Slik er det i dette tilfellet. Eit vindkraftverk som skissert vil vera til sjenanse for turområda Hodnafjellet, Valhest og Skjoldafjellet, og like eins områda i indre del av Ålfjorden også på Sveio-sida, seier Knutsen.
Han legg til at dei 220 meter høge mastene vil få blitzlys på toppen som også vil vera svært sjenerande.
– Rogaland har alt bygt ut meir vindkraft enn planlagt, så Vindafjord treng ikkje ha dårleg samvit om dei seier nei. Her er vindmøller på Storøy og Gismarvik og eksiterande og nye store kraftliner under bygging gjennom Nord-Rogaland, minner Knutsen om.
12-15 turbinar
Ifølge planinitiativet ser Eviny for seg å setja opp 12-15 vindturbinar, kvar av dei maksimum 220 meter høge, i eit område på 303 hektar. Samla vil desse turbinane få ein produksjonskapasitet på 300 gigawattimar (GWh). Kraftverket skal knytast til det sentrale straumnettet i Våg, dit det skal byggjast ei 132 kV-høgspentline. Totalt er det snakk om investeringar på 1,5 milliardar kroner. Vindafjord blir førespegla inntekter på til saman 16 millionar kroner årleg i form av produksjonsavgift og eigedomsskatt.
– Dersom planinitiativet blir godkjent, vil Eviny senda melding med forslag til plan- og utgreiingsprogram til kommunen og NVE. NVE vil deretter senda meldinga ut på høyring i seks veker, forklarar Jønland.
Før konsesjonssøknaden blir sendt, kan kommunen og NVE også krevja konsekvensutgreiing for Eviny si rekning. Også konsesjonssøknaden vil bli lagt ut på høyring i seks veker.