nyhende

Kommunalsjef Ingunn Toft og rådmann Jostein Førre forklarar behovet for utgreiing om framtidig legestruktur. Foto: Einar Vestvik
Kommunalsjef Ingunn Toft og rådmann Jostein Førre forklarar behovet for utgreiing om framtidig legestruktur.

– Målet er ikkje nedlegging i Førde

– Målet vårt er ikkje å leggja ned legekontoret i Førde, seier rådmann Jostein Førre og kommunalsjef Ingunn Toft.

Publisert Sist oppdatert

Men dei seier også at endringar er nødvendige for å sikra stabil legedekning i kommunen.

Tydelege tilbakemeldingar

– Me har fått tydelege tilbakemeldingar frå legane om at dei ønskjer eit større fagleg fellesskap. Om me ikkje får dette på plass, er eg redd me får store problem med å rekruttera legar som vil bli i kommunen, seier Toft.

Med to små legekontor hender det at det ikkje er nokon lege til stades i opningstida på det eine eller det andre kontoret.

– Slik kan me sjølvsagt ikkje ha det. Me har også fått reaksjonar frå legevakta på at det kan vera vanskeleg å få tak i legaane i Sveio, seier Førre.

To små kontor medfører også problem i samband med ferieavvikling. Alle desse momenta har vore medverkande når administrasjonen har tatt initiativ til ei utgreiing om korleis legetenesta i Sveio skal organiserast i framtida. Forslaget om utgreiing er allereie tilrådd av hovudutval helse og omsorg. Måndag skal formannskapet seia sitt før saka går vidare til avgjerd i kommunestyret 16. desember.

Treng eit halvt år

– Dersom oppdraget blir gitt, vil utgreiinga ta om lag eit halvt år, då me har mange andre oppgåver som skal gjerast parallelt, seier Førre.

Korkje han eller Toft kan seia når ei eventuell omorganisering deretter kan gjennomførast.

– Dette er eitt av spørsmåla som må avklarast gjennom utgreiingsarbeidet, seier dei.

Eit viktig moment i denne samanheng er lokalitetar. Ingen av legekontora har ledig plass i dag, heller ikkje til studentar eller LS1-legar (tilsvarar det som tidlegare blei kalla turnuslegar) som Sveio gjerne skulle hatt.

Både og mogleg?

– Korleis ser de for dykk at de kan få til større legefellesskap og samstundes oppretthalda legekontor både i Sveio sentrum og Førde?

– Ei løysing kan vera at legane arbeidar saman nokre dagar i veka og under ferieavviklinga, medan det også blir nokre kontordagar i Førde, seier Toft.

Sjølv om intensjonen er å tilby legetenester på begge kontora også i framtida, kan samanslåiing av kontora også bli vurdert som eit framtidig alternativ, seier Førre og Toft.

Powered by Labrador CMS