frå papirarkivet

Frå 1957, laga av glas og like heil. Foto: Privat
Frå 1957, laga av glas og like heil.

Den finaste juletrekula er fra mormor

Denne vakre juletrekula fekk Torill Jacobsen Hagen av mormora for 57 år sidan.Saka var på trykk i Vestavind 18. desember 2014.

Publisert Sist oppdatert

Hagen flytta til hovudstaden for snart 30 år sidan. Den spesielle julepynten var med på lasset, og prydar treet i heimen ved Majorstua kvar jul.

– Eg har tatt kula fram i år, så eg har sett at den er heil, seier den blide utflyttaren. Hagen har sine røter i Auklandshamn, og då Vestavind slo på tråden, var ho på på T-banen på veg heim til foreldra Marit og Kåre Jacobsen.

– Eg har eit sterkt forhold til bygda sjølv om eg bur i Oslo. Eg er på Auklandshamn eit par månadar kvar einaste sommar, fortel Hagen. Ho har tre barnebarn, og innrømmer at den snart 60 år gamle julekula med vilje blir plassert høgt oppe på treet. – Eg er bestemor til tre jenter i aldaren 6-12 år, og alle har vore veldig fascinert av julekula sidan dei såg ho, seier Hagen, som har halde godt på dialekta si.

Jenteandletet ikledd vinterklede fekk ho av mormor Karoline Kinn i presang då ho blei fødd hausten 1957.

– Den er laga av glas, slik det var i gamle dagar, fortel mormora, som har gjort gåva om til ein tradisjon. Barnebarna har nemleg alle fått kvar si kule til å hengja på juletreet.

– Eg har kjøpt i utlandet etter kvart som dei kom til verda. Eg har ikkje funne nokon her heime som har vore like fine, seier mormor Torill, som synest at tradisjonen er koseleg. Ho bur ikkje så langt borte frå familien i Oslo. Toppen av lukke for barnebarna er å få vera med til Sveio.

– Dei slost nesten om å få vera der borte, ler Hagen. Jula skal feirast i Oslo som vanleg, med dotter, svigerson og barnebarn.

Powered by Labrador CMS