nyhende
Budsjettbehandlinga i formannskapet:
Fleirtal for rådmannen sitt forslag
Både Arbeidarpartiet og Tverrpolitisk Fellesliste hadde endringsforslag, men rådmannen sitt forslag til budsjett for 2025 og økonomiplan dei neste tre åra fekk solid støtte i formannskapet måndag.
Sjølv om Ap og TvF sine forslag blei nedstemte i denne omgang, opna både John Kristian Økland (H) og Rune Teikari (Frp) for at dei kan vera med på samtalar om enkelte av Ap og TvF sine forslag fram mot behandlinga i kommunestyret.
– Alternativt budsjett
Asle G. Halleraker, som representerer TvF i formannskapet, kom med dei mest vidtgåande endringsforslaga og kalla sjølv forslaget sitt eit alternativt budsjett. På driftsbudsjettet for 2025 foreslo han å setja av 1,6 millionar kroner til det han kalla planleggingsprosjekt inn i framtida, 3,6 millionar til styrking av rammeområde oppvekst og 2,4 millionar til styrking av rammeområde helse.
Planleggingsprosjekt inn i framtida omfattar forprosjekt til eit Sveio helsehus for å samla helsetenester i Sveio sentrum til 400.000, prosjekt gratis skulemat til 400.000 og forprosjekt eldresatsing inn i framtida til 400.000 kroner.
På oppvekstområdet vil TvF styrka skulebudsjettet med fleire analoge læremiddel til 600.00, auka satsing på to lærarar i klassar med meir enn 20 elevar til to millionar og auke i kontaktlærargodtgjeringa til 200.000 kroner. TvF vil bruka 2,4 millionar til satsing på meir helsemodell.
Drastiske kutt
TvF vil finansiera endringane ved å redusera netto driftsresultat med 2,2 millionar, stoppa prosjektet turveg som skuleveg i Auklandshamn for å spara 400.000 kroner, og gjennomføra det dei kallar «optimalisering av skulestrukturen» som skal gje ei innsparing på fem millionar kroner. Halleraker avviser overfor Vestavind at han med dette meiner nedlegging av dei minste skulane.
– Det er eit mykje større bilde. I og med at me får færre elevar i skulepliktig alder dei neste åra, vil me at rådmannen skal greia ut fleire tiltak som kan gi innsparingar. Det kan vera snakk om samanslåing av klassar, flytting av administrative ressursar og sjølvsagt også den generelle skulestsrukturen.
Når det gjeld investeringsbudsjettet vil TvF sikra framdrift av prosjekt som alt ligg inne i økonomiplanen: Ny kommunal barnehage i sentrum, ny idrettshall ved Vigdartun, symjeanlegg, innandørs fotballhall nær sentralidrettsanlegget og nyskapande aktivitetsanlegg.
TvF vil derimot ikkje støtta bygging av ny brannstasjon i Førde, men går for eit enklare nybygg eller leige av eigna lokale i Førde.
Meir til barn og unge
Linn Therese Erve presenterte Arbeidarpartiet sitt forslag, som omfattar auka grunnbemanning i skule og barnehage til to millionar, fritidskort for aldersgruppa 11-15 år til 630.000 kroner, auka tilskott til Sveio frivilligsentral på 60.000, medlemskap i Invest in Sunnhordland på 150.000 kroner og bidrag til Hordfast på 25.000 kroner.
Ap vil finansiera endringsforslaga i driftsbudsjettet ved å redusera netto driftsresultat med 700.000, redusert kostnad til vikarbruk i skule og barnehage med 300.000, auka statleg rammetilskott som følge av budsjettforliket mellom regjeringspartia og SV på 1,1 millionar, forventa auka skattar med 500.000 kroner og forventa redusert kapitalkostnad på 265.000 kroner.
På investeringssida vil Ap auka posten til trafikksikring med 1,5 millionar kroner. Partiet ventar auka inntekter på 4,5 millionar kroner frå sal av eigedom, og vil henta dekning for auka investeringar frå denne posten.
Spurde om diakonstilling
Ingen av posisjonspartia la fram endringsforslag, men roste tvert imot rådmannen for å ha tatt dei politiske signala. Rune Teikari (Frp) stilte likevel ei rekke spørsmål til rådmannen som han ønskte svar på før budsjettbehandlinga i kommunestyret. Det handla mellom anna om finansiering av diakonstillinga, utbytet av «Ung i helse» og Valenheimen.
Under avstemminga fall Halleraker og TvF sitt forslag mot hans eiga stemme. Rådmannen sitt forslag, som blei støtta av posisjonsparatia, blei derimot sett opp mot forslaget frå Erve og Ap. Rådmannen sitt forslag blei vedteke mot ei stemme.