nyhende

Sterkt engasjement mot vindkraft

150 gjekk i fakkeltog mot vindkraft, og endå fleire deltok på eit bygdemøte i Skjold tysdag kveld. Mange i bygda fryktar konsekvensane om Eviny sitt Slettene vindkraftverk blir realisert.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

– Me er mot vindkraft på land så tett oppi folk. Naturen blir øydelagt for alltid, og det blir støy og verditap for dei som bur i nærleiken, sa Annhild Mortveit Sundfør, som var på møtet med ektemannen Sveinung Mortveit Sundfør og dottera Alise Mortveit Sundfør.

(Vindafjord / Grannar)

Dette synspunktet verka å bli delt av dei aller fleste på møtet, basert på både responsen på innlegg under møtet og kva folk sa.

Sveinung Mortveit Sundfør og Annhild Mortveit Sundfør hadde ned seg dottera Alise Mortveit Sundfør på møtet.

Rørt over responsen

Etter at det blei kjent at Eviny vil bygge eit vindkraftverk med mellom 12 og 15 turbinar på Måkafjellet, har det blitt liv i Motvind Vindafjord, som har etablert eit interimsstyre. Tysdag hadde dei gjort klar 90 faklar til dei som ville bli med å gå frå Skjold kyrkje og opp til Skjold Arena. Med 150 frammøtte i alle aldrar tok faklane raskt slutt.

– Eg blei rørt over oppmøtet i fakkeltoget, sa Rune Bråthen, som er med i eit arbeidsutval i Motvind Vindafjord saman med Åsmund Kalstveit og Drude Isene.

Blant dei som blei med i toget, var Grete Aase, som bur like ved det planlagde anlegget. Ho minnast å ha kjøpt bustaden for tre år sidan i forståinga av at det ikkje skulle bli vindkraft der. Heile prosjektet synest ho er ein tragedie.

– Det er ein stor skam at dei prøver å få vindmøller inn i urørt natur i eit lite lokalsamfunn, sa Aase.

Då toget kom til Skjold Arena, sløkte folk faklane og gjekk inn i den eine salen, kor det var utplassert 220 stolar. Desse blei fylte opp, og nokre måtte følgje møtet ståande.

Cirka 150 personar gjekk i fakkeltoget frå Skjold kyrkje til Skjold Arena. Svein-Erik Larsen / Grannar

Lang prosess

Motvind inviterte både Vindafjord kommune, lokalpolitikarar og Eviny til å stille på møtet, og fekk respons. Einingsleiar Thomas Vestbø for areal og forvaltning var første person på talarlista. Han fortalde at administrasjonen først vil begynne med saksbehandling dersom kommunestyret godkjenner Eviny sitt planinitiativ 17. desember.

Dersom kommunestyret avviser planinitiativet, stoppar prosjektet. På møtet fortalde Vestbø om vegen vidare dersom politikarane seier ja. Den blir lang, og det vil truleg ta fleire år før ei eventuell realisering av prosjektet.

Konserndirektør Arne Andreas Riisnes og leiar for vindkraft Stig Svalheim i Eviny presenterte planane til eit skeptisk, men høfleg publikum. Presentasjonen var på sett og vis ein kortversjon av det dei viste i formannskapet veka før, men dei var ekstra tydelege på at dei ikkje er såkalla «vindkraftbaronar».

– Det var ein sivilisert debatt, og me blei tatt godt imot, sa Svalheim i ein pause.
Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp), varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF) og ei rekkje andre politikarar frå alle partia i kommunestyret var på møtet. Forutan Guri Ravatn (SV) valde alle å lytte heller enn å nytte tilbodet om å halde innlegg. Ravatn viste til at SV har stemt for prinsippvedtak mot vindkraft tre gonger og sa at det er lurt å stoppe planane allereie no.

Press på grunneigarar

Dei fleste innlegga i løpet av kvelden kom frå Motvind-representantar. Dei tok for seg nedsidene dei ser med vindkraft, blant anna helse, lokalsamfunn, naturmangfald og økonomiske perspektiv.

Kaare Finbak frå Motvind Sørvest viste illustrasjonar over korleis det kan sjå ut på ulike plassar om ein plasserer inn dei planlagde vindmøllene i Skjold. Han viste også fram statistikk over verditap på bustadar og hytter når det kjem eit vindkraftanlegg i nærleiken. Ut ifrå dette rekna han seg fram til eit totalt verditap i Vindafjord på meir enn 600 millionar om Slettene vindkraftverk blir noko av.

Ein illustrasjon mogleg utsikt på starten av Liavegen om Slettene vindkraftverk blir realisert av Kaare Finbak.

Ein av dei som var klarast i talen, var Eivind Salen. Han starta med å seie at det var ein skam at Eviny hadde gått heim, etter at deira representantar reiste vidare etter pausen langt inne i det tre timar lange møtet. Vidare tok han for seg mange politiske aspekt rundt vindkraft og straumpolitikk generelt.

– Eg bruker all tida mi og gjer alt eg kan for å stoppe vindkraft, sa Salen.

Åsmund Kalstveit heldt det nest siste innlegget. Han minnast for 10-15 år sidan, då det var han som kunne få pengar for vindkraft som grunneigar i Døldarheia. I dag er han glad for at dette prosjektet blei stoppa av kommunestyret og NVE. Med erfaringa frå den gongen oppmoda han folk til å vere greie med kvarandre og ikkje gå og mobbe dei grunneigarane i Skjold som har sagt ja.

– No er det eit valdsamt press på grunneigarane på tre plassar, sa Kalstveit.

I tillegg til Måkafjellet og Døldarheia, kor det er kalla inn til eit ekstraordinært grunneigarmøte, kjenner Kalstveit også til at grunneigarar i Bukkanibba mellom Ølensvåg og Bjoa har blitt kontakta. I 2016 avslo Olje- og energidepartementet (OED) ein søknad frå Lyse Produksjon AS om å bygge Bukkanibba vindkraftverk.

Eivind Salen i Motvind dedikerer mykje tid til å kjempe mot vindkraft.
Powered by Labrador CMS