Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Ruth G. Ø. Eriksen fast tilsett som kulturfyrvaktar:
Frå minus til pluss på Ryvarden
Minus er snudd til pluss i rekneskapen for Ryvarden kuturfyr KF i løpet av det knappe året Ruth G. Ø. Eriksen har vore tilsett i ei mellombels stilling som kulturfyrvaktar.
– Men også dette året har me fått merka verknadane av dyrtida. Det har særleg gått ut over etterspurnaden etter overnattingsplassar i fyrmeisterbustaden, fortel Eriksen.
Frå mellombels til fast
Nyleg blei tilsettingsforholdet hennar endra. No er ho fast tilsett i 50 prosent stilling som kulturfyrvaktar. I tillegg held ho fram i det ho sjølv kallar komfyrvaktar, det vil seia kokk, på Ryvarden.
Det var hausten 2023 Ryvarden kulturfyr for alvor merka at dyrtida slo ut på inntektssida, fortalde styreleiar Rune Teikari til Vestavind i januar i år.
I samband med at Gunn Bente Stråbø Håvardsholm gjekk av som kulturfyrvaktar ved årsskiftet for å bli pensjonist, blei difor denne stillinga redusert til 50 prosent og gjort mellombels for ein periode. Norunn Jensen heldt fram i 20 prosent stilling.
No kan Eriksen konstatera at desse sparetiltaka har verka. Sjølv om etterspurnaden etter overnattingsplassar har gått ned med 10 prosent, og folk generelt brukar mindre pengar på Ryvarden, blir det overskot i 2024. Dette konstaterer ho når det berre står igjen eitt planlagt arrangement ved kulturfyret dette året.
Gjort permanent
Den mellombelse ordninga med reduserte stillingar er dermed blitt permanent, i alle fall for ei tid framover.
– Det skal gå greit, men med 50 prosent stilling blir det lite tid til utviklingsarbeid, seier Eriksen.
Realiseringa av dei store vyene i moglegheitsstudien for Ryvarden, som blei presentert tidlegare i år, vil knapt bli realiserte før langt inn i framtida, trur den nytilsette kulturfyrvaktaren.
På ønskelista hennar står likevel eit relativt beskjedent tiltake, nemleg eit bad nummer to i fyrmeisterbustaden. Det vil heva standarden for dei ti overnattingsgjestene det er plass til i dette bygget, seier ho. Overnattingsplassar i sjølve fyret har Kystverket sagt nei til.
Nøgde cruiseturistar
Som turmål er Ryvarden framleis svært populært. Eriksen reknar med at over 40.000 turgåarar har besøkt det spektakulære utsiktspunktet denne sesongen. Av desse har mellom 2.500 og 3.000 vore cruisepassasjerar. Ryvarden kan ta imot to grupper cruiseturistar med 45 i kvar gruppe dagleg. For neste år har Eriksen så langt fått førehandsbestilling frå 57 cruiseskip.
– Kor mange som faktisk kjem til oss, vil likevel vera avhengig av kor flinke cruiseselskapa er til å selja desse turane. Selskapa må seia frå 24 timar på førehand om det blir tur eller ikkje, seier Eriksen.
Så langt er det berre utanlandske cruiseturistar som har besøkt Ryvarden. Dei er fascinerte av spaserturen frå Mølstrevåg og utover, naturen og historiene både om Ramnafloke og livet på fyret i gamle dagar, fortel kuturfyrvaktaren.
Ho har sjølv sett seg inn i sjølve fyrhistoria og fortel gjestene korleis det var for heile familiar å bu og arbeida på Ryvarden på 1800- og 1900-talet. Og kokken fornektar seg ikkje. Turistane får vita at rabarbraplantene som fyrvaktarane etterlot seg, framleis blir hausta og brukte som råvarer i matvarene som blir serverte i kaféen.
Tilkallingsvikarar
Historia om Ramnafloke frå Smørsund som drog i vesterveg og gav namn til Island, er det guidane i bussane som tek seg av.
For å ta seg av kafédrifta med servering både til tilfeldige turgåarar, grupper og dei som bestiller rom på Ryvarden til kurs og konferansar eller åremålsdagar og bryllup, har foretaket ei gruppe på fire-fem tilkallingsvikarar i tillegg til Eriksen og Jensen som er fleksible og kan stilla opp på kort varsel.
– Me skulle gjerne hatt eit par ungdommar over 16 år i tillegg, først og fremst til den faste kafédrifta om søndagane i sommarhalvåret, seier Eriksen, som i tillegg til jobben på Ryvarden også er varaordførar i 30 prosent stilling.