Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Klar for sine siste gudstenester som sokneprest
I løpet av dei 18 åra Arild Steinsland har vore sokneprest i Valestrand og Førde, har han både opplevd mykje og sett sine spor. Kommande søndag er det avskilsgudsteneste i Sveio kyrkje.
Steinsland tar over som prost i Sunnhordland 1. januar.
– Blir du framleis sveibu?
– Eg held fram med å bu i Førde. Det er jo midt i leio og eg får berre 25 minutt til kontoret i Leirvik på Stord
Håper mange kjem
– Kva er ein prost sitt arbeid?
– Ein prost sitt arbeid er å leia prestetenesta i Sunnhordland for prestane på Tysnes, i Kvinnherad, på Fitjar, på Stord, på Bømlo, i Sveio og i Etne. Prosten vil og vera med på å koordinere samarbeidet mellom kyrkjelydane i Sunnhordland.
– Korleis kjennes det å skriva dei siste preikene som sokneprest?
– Det går heilt fint. Siste gudsteneste som sokneprest i Sveio blir nyårsdagen i Valen kapell. Men det blir ei avskilsgudsteneste i Sveio kyrkje søndag 15. desember med kyrkjekaffi på soknehuset. Eg håpar mange kjem der. Men eg har ikkje hatt den siste gudstenesta i Sveio. Som prost vil eg nok koma innimellom til Sveio også for å halda gudstenester og foretta i gravferder. Ein prost si oppgåve er også å tetta hol der prestar skal ha fri og vert sjuke.
Har vore med på mykje
– Kva hugsar du best frå tida som sokneprest?
– Det er mykje eg har fått vore med på i løpet av dei 18 åra. Me har blant anna hatt fine jubileum i alle kyrkjene. Me har fått på plass eit fint soknehus som gjer møtet mellom folk og dei tilsette i kyrkja nærare og enklare. Å opna og driva Gjenbruksløa i Førde er også eit høgdepunkt. Der får me ta vare på både folk og ting, og skaffa inntekter til kyrkjelydsarbeid og misjons- og diakoniarbeid. Det er mange kyrkjelydar som misunner oss Gjenbruksløa, seier Steinsland.
Glede og sorg
– Kva er det finaste og det tyngste du har opplevd?
– Eg kan ikkje peika på ein ting her. Det er mange flotte folk i Sveio som eg har møtt både i glede og i sorg. Å mista ei bestemor eller bestefar kan vera tungt, men det gjer sjølvsagt sterkt inntrykk når barn eller unge døyr. Det er berre meningslaust. Eg var med på minnemarkeringa for Sleipner-katastrofa den 26. november. Her var det sterke historiar frå både overlevande og frå dei som hadde mista nokon. Livet etter slike opplevingar blir ikkje det same.
– Det finaste blir kanskje også å høyra om folk som stiller opp for å hjelpa i slike vanskelege situasjonar. Det gjer alltid sterkt inntrykk når nokon gir mykje av sjølv for andre. Det er kristenliv i praksis. Det treng ikkje berre vera i vanskelege situasjonar, men frivillige som brukar eit heilt liv for andre i kyrkje og organisasjonar. Det er fantastisk å høyra om, seier Steinsland.
Litt av det gamle og mykje nytt
– Er det noko eller nokon du kjem til å sakna spesielt?
– Eg flyttar jo ikkje vekk og sluttar på ein måte ikkje heilt å vera prest i Sveio. Så visst eg saknar noko kan eg gjere noko med. Eg kan møta dei folka eg set pris på og vera på dei aktivitetane eg likar å vera med på.
– Eg blir fortsatt med i Løa som frivillig. Eg kan fortsatt spela innebandy på skulen i Auklandshamn. Eg kan fortsatt vera med på aktivitetar i kyrkjene og i Valestrand kulturkyrkje. Så eg har rett og slett ikkje så stor sorg over at noko er slutt. Livet fortsett med litt av det gamle og gode, og mykje kjekt nytt, avsluttar den kommande prosten.