nyhende

Innspel om brannstasjon fekk opp temperaturen i budsjettdebatten:

Han er brannkonstabel og han er politikar. Måndag let Sondre Natås Strand (KrF) seg provosera av eit innspel om brannstasjon i Førde. Privat
Han er brannkonstabel og han er politikar. Måndag let Sondre Natås Strand (KrF) seg provosera av eit innspel om brannstasjon i Førde. Privat

– Som eit knyttneveslag i magen

Asle G. Halleraker (TvF) fekk opp temperaturen i kommunestyret sin budsjettdebatt då han måndag tok til orde for omkamp om ny brannstasjon i Førde.

Publisert Sist oppdatert

– Dette opplever eg som eit knyttneveslag rett i magen frå Tverrpolitisk Fellesliste, sa ein tydeleg opprørt Sondre Natås Strand (KrF).

Han er brannkonstabel og hadde natta i førevegen vore med på sløkking og røykdykking i samband med bustadbrannen i Valebygda.

– Eg trudde me var ferdige med dette etter at det blei vedtatt å byggja ny brannstasjon i Førde. Tomt er innkjøpt etter at kommunen har vurdert fleire tomtealternativ og eksisterande bygg, sa Strand.

– Gjeld brannfolka si helse

Den store skilnaden mellom ein fullverdig ny stasjon og den billigare og enklare versjonen som Halleraker ønskjer, er skitten og rein sone, forklarte Strand. Skitten og rein sone er nødvendig for å tilfredsstilla Arbeidstilsynet sine krav og for å redusera den kreftfaren som brannmannskap alltid er utsette for, forklarte han.

Halleraker justerte ordlyden i forslaget sitt i eit forsøk på å koma Strand i møte og ta omsyn til helsefaren, men forslaget fekk likevel berre åtte stemmer.

Då rådmannen sitt forslag til budsjett for 2025 og økonomiplan fram til 2028 var til behandling i formannskapet, hadde både Ap og TvF kvar sine forslag. Fleirtalet stemte likevel for rådmannen sitt forslag utan endringar. I kommunestyret la samarbeidspartia Høgre, Frp, KrF og Sp fram fleire forslag til påplussingar. Gruppeleiarane delte på å presentera forslaga.

Styrka helse og oppvekst

For å styrka helsesektoren foreslo Vibeke Enerstvedt (Frp) på vegne av koalisjonen å flytta ansvaret for helsestasjon for eldre og kreftkoordinator over til heimetenesta. Dessutan foreslo ho utviding av begge stillingane.

Helsestasjon for seniorar får stillinga utvida frå 50 til 80 prosent. Kreftkoordinator held i utgangspunktet fram som ei 50 prosent stilling, men det blir oppretta ei ny 50 prosent stilling som kan nyttast etter behov. For eksempel kan denne brukast til å tilsetja kreftkoordinator i 100 prosent stilling.

Foreslo butikkstøtte

John Kristian Økland (H) presenterte endringsforslaga for oppvekstsektoren. Partia foreslo 500.000 kroner ekstra til styrka bemanning i skule og barnehage og 500.000 kroner til prøveordning med firtidskort for aldersgruppa 11-15 år. Innføring av prøveordninga blei vedtatt i eiga sak før budsjettbehandlinga.

På vegne av Høgre åleine foreslo Økland at kommunen skulle gi tilskog eller kjøpa andelar for 100.000 kroner i Forretningsbygg Stølen SA for å støtta initiativet for ny daglegvarebutikk i Auklandshamn.

Monica V. Valen (Sp) presenterte fellesforslaget om ei tilleggsløyving på 1,5 millionar kroner til kommunale vegar. Rune Teikari (Frp) forklarte korleis koalisjonen ville finansiera tilleggsforslaga sine, mellom anna ved bruk av tilleggsløyvinga på 1,5 millionar over statsbudsjettet og kutt i vikarbruken i skular og barnehagar på 100.000 kroner. Auka inntekter til kommunen skal dekka resten.

Fellesforslag Ap/TvF

Medan dei leverte endringsforslag kvar for seg i formannskapet, la Ap og TvF fram eit felles endringsforslag i kommunestyret. Dei to partia tok mykje kraftigare ved å foreslå tillegg på 3,6 millionar kroner til hoppvekstsektoren og 2,4 millionar til helse.

Mellom anna foreslo dei 400.000 kroner til forprosjekt for det dei kalla Sveio helsehus. Eit anna enkeltprosjekt er gratis skulemat på Sveio skule, eventuelt i samarbeid med Sveio frivilligsentral. Ap/TvF ville også satsa meir på utbygging og oppgradering av Vigdartun enn den borgarlege koalisjonen la opp til.

Linn Therese Erve (Ap) og Asle G. Halleraker (TvF) delte på å presentera dei to partia sine forslag. Og også her var det Halleraker som kom med den største utfordringa då han foreslo å delfinansiera påplussingane med det han kalla optimalisering av skulestrukturen på to millionar kroner. På spørsmål frå John Kristian Økland (H) forklarte han korleis dette kan gjennomførast.

– Det er ikkje snakk om skulenedlegging, sjølv om nokon sikkert vil tilleggja meg det. Innsparingane kan for eksempel skje ved samanslåing av klassar, endring av krinsgrenser eller ved å sjå på skyssordninga, forklarte Halleraker.

Avstemminga

Under avstemminga blei Frp, H, Sp og KrF sine forslag vedtekne med 16 mot åtte stemmer.

Høgre-forslaget om støtte til butikksatsinga i Auklandshamn fekk elleve stemmer og blei dermed ikkje vedteke. Eit forslag frå Linn Therese Erve (Ap) om 150.000 kroner til Invest In Sunnhordland fall mot sju stemmer. Eit forslag frå Ap/TvF om auka kapasitet for kantinedrift ved Vigdartun fall mot ni stemmer. Eit forslag om offentleg og privat samarbeid om reguleringsplanar blei derimot vedteke mot seks stemmer.

Meir samarbeid i vente?

TvF blei etablert av utbrytarar frå Ap før kommunevalet i 2023. Me spør Ap sin gruppeleiar Linn Therese Erve om det felles budsjettforslaget varslar eit tettare samarbeid mellom dei to gruppene.

– Me samarbeidar med kven som helst om saker me er samde om, svarar Erve.

– Men er dette teikn på at Ap og TvF er i ferd med å nærma seg kvarandre igjen?

– Det er ikkje så mykje me er usamde om når det gjeld programma våre, seier Erve, som også minner om at dei to gruppene også hadde kvart sitt forslag som dei sto åleine om.

Powered by Labrador CMS