nyhende
Framtidig organisering av legetenesta:
Vil vurdera samlokalisering av fleire tenester
Kommunestyret i Sveio ber rådmannen gjennomføra ein moglegheitsstudie saman med ein samlokaliseringsplan for heile helsetenesta, ikkje berre for legane. Dette blei vedtatt med 15 mot 9 stemmer måndag kveld.
Vedtaket samsvarar med eit fellesforslag frå Framstegspartiet, Høgre, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti. Det blei presentert for kommunestyret av Vibeke Enerstvedt (Frp), som tok utgangspunkt i den sterke auken som er venta i talet på eldre og pleietrengande i kommunen. Difor må ein effektivisera, og samlokalisering kan medverka til det, sa Enerstvedt mellom anna.
Ville berre sjå på legetenesta
Mindretalet stemte for rådmannen sitt forslag om å greia ut ulike alternativ til framtidig organisering av legetenesta med fokus på større legefellesskap. På kommunestyremøtet blei dette forslaget fremja på nytt av Asle G. Halleraker (TvF) og støtta av Linn Therese Erve (Ap).
Halleraker sitt argument var at tilgangen på legetenester vil bli større ved eit større fellesskap. Han oppfordra også sterkt til å lytta til dei tilsette sine meiningar, og minna om at det er legemangel over heile landet.
Samling rundt SOS?
Ifølge forslaget som fekk fleirtal, skal moglegheitsstudien også visa framtidig areal og anleggsbehov innan dei ulike helsetenestene i Sveio fram mot 2035. Dette skal blant anna inkludera legetenesta, heimetenesta, helsestaasjon for barn, helsestasjon for seniorar og tannhelsetenesta.
Vidare skal studien også inkludera omsorgsbustader, bukollektiv, eldretun og tryggleiksbustader. Det skal også vurderast areal for private tenesteytarar. Rådmannen blir beden om å vurdera kva som kan samlokaliserast, helst rundt Sveio omsorgssenter, og kva som kan desentraliserast.
Vil utgreia to legekontor
I eit punkt nummer to i vedtaket blir rådmannen beden om å utgreia ulike alternativ til framtididg organisering av legetenesta med fokus på større fellesskap. Samstundes er det ønske om å belysa korleis ein kan sikra legeteneste både i Sveio og Førde i framtida. Enerstvedt understreka i innlegget sitt at dette punktet kan utgreiast før moglegheitsstudien er ferdig.
I vedtaket får rådmannen også i oppdrag å laga ein planf or samarbeid med frivillige innan helse- og omsorgstenesta. Formannskapet blir styringsgruppe for det planarbeidet som skal gjennomførast. Hovudutval helse/omsorg, eldrerådet og råd for personar med nedsett funksjonsevne blir ressursgrupper for planen.
Dagfinn Fagerland Bjørge frå råd for personar med nedsett funksjonsevne var den som klarast gjekk inn for fullt bemanna legekontor både i Sveio og Førde.