nyhende
23. desember
Dette er siste av fem enquetar der sveibuane fortel om juleønske, julemat og kva dei gler seg mest til i 2025.
Julie Grinde (9), Tveita
– Kva ønsker du deg til jul?
– Lego og sparkesykkel!
– Kva er favorittjulematen din?
– Ingenting, eg likar polkastenger!
Annonse
– Kva gler du deg mest til i 2025?
– Begynna i 5. klasse.
Erling Stokka (20), Hinna og Stine Sofie Steinstø (21), Ganddal
– Kva ønsker de dykk til jul?
– Eg ønsker meg klede og sminke, seier Stine Sofie. Erling ønsker seg parfyme.
Annonse
– Kva er favorittjulematen dykkar?
– Eg vil helst ha ribbe, smiler Stine Sofie. Eg likar pinnekjøtt, seier Erling.
– Kva gler de dykk mest til i 2025?
– Fagprøve med jobben, fortel Stine Sofie.
– Eg skal i militæret og gler meg til det, seier Erling.