nyhende

Brann i bustadhus i Førde

Naudetatane rykte ut med full styrke då det torsdag klokka 14.32 om melding om brann i eit bustadhus i sentrum av Førde.

Publisert Sist oppdatert

SISTE 17.27: Etter å ha avhøyrt ein bebuar som kom til staden, har politiet no avslutta sitt arbeid.

Brannvesenet vil vera på staden ei tid framover.

Klokka 14.51 melde politiet at slokkingsarbeidet var i gang. 20 minuttar seinare kom melding om at brannen var under kontroll og at det ikkje var fare for spreiing til nabohusa.

Huset der det framleis pågår etterslokking, er av eldre dato. Det ligg ved sida at bygningen der T. Haugland tidlegare hadde landhandel, og tvers over vegen for Tinghuset.

Etter det Vestavind forstår, har det i seinare år vore brukt som fritidsbustad. Det skal ikkje ha vore folk i huset då brannen oppsto. Bygningen blei gjennomsøkt av brannvesenet sine røykdykkarar.

Powered by Labrador CMS