nyhende

– Det ser ut til at føret bidrar til at folk køyrer litt meir forsiktig samanlikna med sommaren, seier Idar Helland i UP. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
– Det ser ut til at føret bidrar til at folk køyrer litt meir forsiktig samanlikna med sommaren, seier Idar Helland i UP.

Ingen mista førarkortet under tre timar lang kontroll i Førde

Sjåføren som køyrde fortast i 60-sona måtte ut med 5.650 kroner til statskassa. 79 personar blei også kontrollerte for rus.

Publisert Sist oppdatert

Utrykkingspolitiet hadde kontroll på E39 i Førde mellom klokka 10.00 og 13.15 måndag. Det blei skrive ut 15 forelegg, men var ikkje dei store fartsoverskridingane.

– Det ser ut til at føret bidrar til at folk køyrer litt meir forsiktig samanlikna med sommaren. 15 reaksjonar er likevel relativt mange. Høgaste fart blei målt til 74 km/t i 60-sona. Det gir eit forelegg på 5.560 kroner. I tillegg kjem to prikkar på førarkortet, seier politibetjent Idar Helland i UP.

– Kven er det som køyrer for fort?

– Ein god blanding av lokale og bilistar på gjennomfart, seier Helland.

79 sjåførar vart også kontrollert for rus. Ingen fekk utslag, og det er Helland veldig nøgd med.

Powered by Labrador CMS