nyhende
Summande mannafrukost
Du høyrer lyden lenge før du kjem inn. Nesten som ein bikube. Det er torsdag morgon og tid for årets første mannafrukost på Bua bedehus.
Kåre Bua ønsker velkomen i døra og gjer med glimt auga merksam på at dei gjer eit unntak i dag. Damer har vanlegvis ikkje adgang. Litt seinare i frukosten er det ein som fortel at journalisten er den andre dama nokon sinne som har slept inn.
Summinga blir høglydt innanfor døra. Praten går livlig rundt borda, og det er stadig latter å høyra medan 30 svoltne mannfolk ventar på at Kåre skal seia kva bord som skal starta å forsyna seg.
Opp i 50 til frukost
Dagen før har ein gjeng dekka bord til vel 40. Det er nemleg heilt vanleg at så mange kjem. Det er heller ikkje uvanleg at dei er opp i 50 svoltne og pratesjuke karar.
– Dette er ei fristund for oss. Når damene ikkje er med, slepp me oss laus og pratar minst like mykje, ler Magne Bua og Ivar Kallevik.
Dei har vore der sidan klokka 08.00 for å laga til frokostbuffeten med 10 sortar pålegg og heilt ferskt brød. Det meste handla inn av Kåre, medan Egil Lokna ordna brød. Dagen før dekka ein annan gjeng borda.
Har tatt heilt av
– Alle eg spør tilbyr seg å hjelpa, så det er lett å ha ansvaret. Som til dømes med brøyting før dagens treff. Det var veldig mykje snø og lite parkeringsplass. Eg tok kontakt med Svein Olav Bua, og han fiksa opp, fortel Kåre.
Han arva ansvaret etter broren Helge som starta så smått med mannafrukostane. Kåre er ikkje heilt sikker på om det var i 2016 eller 2017. Det som er sikkert, er at dette har blitt svært populært dei siste fem åra.
Seks frukostar i året
– No er det seks frukostar i året i løpet av vinter og haust, og dei er fordelt på bedehusa i Bua, Tjernagel og Auklandshamn. Me syng alltid for maten, men ut over er det lite snakk om Gud. Her er prat om kva som har skjedd sidan sist, livet både før og no og gode historiar. Me har det rett og slett veldig triveleg i lag, seier Kåre.
– Kva er kravet for å delta?
– Berre eitt: at du er mann. Det er stort sett pensjonistar som kjem, noko som har mest med tidspunktet å gjera. Eg har fått litt kritikk for at eg har annonsert med at det er for godt vaksne menn, men alle er velkomne uansett alder, understrekar Kåre.
Sosial arena
Karane kjem frå heile Sveio, ikkje berre vestkysten. Det kjem også utflytta sveibuar frå dei omliggande kommunane.
– Dette er eit voldsomt fint tilbod. Veldig triveleg, god mat og noko å gleda seg til, seier Konstantin Jacobsen, og får nikk frå resten rundt bordet.
– Ein flott sosial arena der me pratar om det meste, seier Per Sigurd Wathne.
Først mat, så historiar
I dag er det han som skal bidra til noko som starta ved eit tilfelle for nokre år sidan. Dei fleste begynte å bli mette, stemninga var som vanleg god, og ingen hadde lyst til å gå enno. Då reiste ein kar seg og fortalde ei historie.
– Det blei veldig godt motteke, og sidan har me hatt det som tradisjon, fortel Kåre.
Per Sigurd har jobba 45 år i tre ulike rederi, og dagens historie handla om då han vart sendt til Nigeriabukta for å rydda opp i eit mytteri om bord på ein tankbåt. Utdrag frå det han fortalde kan du sjå i denne videoen: