nyhende

Folkefest og høgfjellsstemning

Meir enn 200 skiløparar deltok og fleire hundre var med som publikum og heiagjeng då Sigve Opedal tromma saman til skirenn på golfbanen i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Vêret spelte også på lag og stilte med skyfri himmel, vindstille og minusgrader. Då Vestavind snakka med initiativtakar Sigve Opedal på telefon laurdag kveld, var det naturleg å stilla det tradisjonsrike, om enn litt klisjéprega, spørsmålet:

– Kva føler du no?

– Eg er sliten, glad og takknemleg for alle som har hjelpt til og som har deltatt, seier sveibuen, som kan sjå tilbake på eit fantastisk vellukka arrangement.

Gjekk 15-16 rundar

Om lag 110 deltakarar i alle aldrar stilte til start på den nær to kilometer lange løypa med tidtaking. I tillegg var det 99 ungar som gjekk rundt og rundt i den korte løypa.

– Den korte løypa var omtrent ein halv kilometer. Alle kunne gå så mange rundar dei ville, og eg høyrde om dei som gjekk både 15 og 16 rundar. Då blir det ein lang tur, fortel Opedal entusiastisk.

Startnummer og diplom

For kvar runde fekk dei som gjekk den korte runden eit kryss på startnummeret sitt. Startnummeret fekk dei behalda i tillegg til eit diplom og småpremiar frå Coop Extra og Kiwi.

Dei som gjekk den lange løypa, fekk i tillegg til diplom og «giveaways» kjenna på spenninga med å stå på startstreken og venta på at klokka skulle pipa så dei kunne legga i veg.

– Å bli starta av ei klokke, slik som på tv, kjem dei nok til å hugsa. Eg blei sittande litt i mi eiga boble når det kokte som verst. Det var mykje å passa på, men då dei siste deltakarane var starta, rakk eg å nyta stemninga. Yngste utøvar som deltok i den lange løypa, er fødd i 2021, og dei som var igjen i målområdet stilte seg opp og heia henne inn i mål. Det var rørande, fortel Opedal.

Ser ikkje vekk frå nytt renn

– Blir det skirenn også neste år?

– Det var veldig kjekt, og eg har allereie tenkt på ting som kan gjerast enda betre neste gong. Får eg med meg teamet eg hadde denne gong og forholda tillet det, så skal du ikkje sjå vekk i frå at det blir skirenn igjen. Men ikkje i år, humrar Opedal.

Han har fått mange positive tilbakemeldingar, og oppmøtet på golfparken var over all forventning. Opedal skryt av sambygdingane sine som var med å gjera det heile mogleg.

– Verdt all innsatsen

– Eg har møtt ei slik herleg velvilje. Folk har tent på idéen. Golfbanen som let oss laga løyper på graset deira. Nærbutikkar som sponsa premiar. Idrettslaget som hjelpte med utstyr og reklamering. O-laget som stilte med tidtakingsutstyr. Ikkje minst familien min, som veit eg har drøymt om dette i lang tid.

Rennleiaren ser fram til å ha litt rolegare dagar framover, men angrar absolutt ingenting.

– Viss dette blir eit kjært minne for nokon, så er det verdt all innsatsen.

Powered by Labrador CMS