nyhende

No blir det ny butikk

– Me kryssar fingrane for at det blir opning til påske, seier Marryel H. Velde. Ho skal stå for den daglege drifta av den nye butikken i Auklandshamn. Fram til då driv dugnadsgjengen på med mykje folk og lange dagar og kveldar.

Publisert Sist oppdatert

Marryel blir eigar saman med mannen Ole. Ho gler seg veldig til å koma i gong med butikkdrifta.

– Sjølvbetent butikk er både spennande og framtida. Med open butikk døgnet rundt blir me butikk for heile Sveio, ikkje berre Auklandshamn. Eg kjem til å vera i butikken på dagtid, seier ho.

Stor innsats

Når Vestavind stikk innom «gamlebutikken» er det berre to karar der, Kurt Bårdsen og Jan Øyvind Gravdal, som er styremedlem i Forretningsbygg Stølen. Det er fordi det er midt på føremiddagen. Ettermiddager og kveldar er det fullt med folk som bidrar for at påske-målet skal bli nådd.

Kurt har vore dugnadsleiar sidan før jul. Han opparbeidde seg 10 avspaseringsveker i sommar, og brukar dei på å bygga om butikken. Når denne veka er gått, har han ei veke igjen før det tilbake i vanleg jobb.

– Men eg er ikkje bekymra. Det er så mange flinke folk som bidrar, og Geir Terje Hamre tar over som dugnadsleiar, seier Kurt.

Ein typisk dugnadsdag

Han fortel om kvelden før, som er typisk for korleis dugnadsarbeidet har vore:

– Me held no mest på med kafedelen, som skal bli mykje meir enn kafe. Eit samlingspunkt for alle i bygda. I 20.30-tida tenkte eg det var på tide å gje seg for dagen. Tomt for varm kaffi var det også. Då kom det ein gjeng som ville sjå kor langt me hadde kome, seier Kurt.

Ny kaffi blei trekt, og dei fekk servert kake som ei hadde vore innom med tidlegare på dagen. Etter ein times tid var planen igjen å gå heim.

– Då kom det ein ny gjeng som ville kikka. Dei fekk sjølvsagt også kaffi, kake og ein prat. Og eg kom meg heim i 22.30-tida, smiler Kurt.

Nokre gonger må det slegge til. Steinar Jacobsen i sving:

– Fantastisk engasjement

– Det er rett og slett fantastisk for eit engasjement det er for butikken. Både dei som bidrar praktisk, følgjer med på kva som blir gjort, salet av andelar, tilskot, gåver og sponsing av ting me treng. Sidan rett før jul har me fått inn ganske nøyaktig ein million i nye andelstegningar i forretningsbygget. Kafelokalet har mellom anna fått tilskot på 30.000 frå idrettslaget og 20.000 frå Stølen Forretningsbygg. Eg trur ikkje ein hadde fått til dette nokon annan plass enn i Auklandshamn, seier Jan Øyvind.

Blant pengane som har kome inn var det mellom anna ein kar som hadde kjøpt andelar, men som gav 5.000 kroner til kafedelen. Eit ungt ektepar, som ikkje har tilknyting til bygda, gav også 1.000 kroner til kafedelen og kjøpte andelar for 1.000 kroner

Brøyta for kafedelen

Sjølv har Jan Øyvind  ikkje kunna bidra så mykje med ombyggingsarbeid den siste tida på grunn av eit skada kne. Men køyra ATV klarar han, og har tatt på seg brøyteoppdrag der betalinga går til kafelokalet.

– Folk har betalt veldig godt, og det har kome inn 11.500 kroner netto fortel han.

For dei som veit korleis butikken var før den blei tømt og ombygginga starta, må det vera utruleg å sjå kva som er gjort på så kort tid.

– Ingenting stoppar oss

– Når me set oss mål, er det ingenting som stoppar oss. Me sparar ikkje på noko, men må spara på alt. Difor er til dømes dører og vindauge som er fjerna brukt andre stader. Og så har me mange som bidrar til at me får gode tilbod på det me treng å kjøpa nytt, seier dei to, og fortel om det som blir Sveio sin einaste døgnopne panteautomat:

– Den fekk me nyss om via kjente. Så no blir det tur til ein nedlagt SPAR-butikk på Jørpeland for å demontera, frakta og montera her i butikken.

Når Vestavind snakkar med eit anna styremedlem, Jostein Mokleiv, har han nettopp vore i møte med Norgesgruppen.

Blir lagt merke til

– Me snakka om overordna ting og vegen vidare. Det aller meste er på plass, og resten reknar me fell på plass i løpet av dei neste vekene. Som utarbeiding av avtale med Marryel og Ole, bestilling av alt naudsynt utstyr til butikken og nødvendig ombygging av sjølve butikklokalet. Det store engasjementet blir lagt merke til i Norgesgruppen også. Dei sa at dei aldri har opplevd maken nokon gong, seier Jostein.

– Det manglar framleis 300.000 kroner på 1,3 millionar?

– Ja, men me har framleis håp om at me får seld fleire andelar, og me forhandlar og prutar på alle prisar med leverandørane slik at me får reknestykka til å gå opp. Denne veka skal me også på synfaring av ein butikk på Sørlandet som blir lagt ned for å sjå om det noko meir utstyr me kan spara pengar på.

Powered by Labrador CMS