nyhende

– Vegen dit eg er i dag har krongla seg til av seg sjølv, seier Anne Lise Økland. Foto: Ellen Marie Hagevik
– Vegen dit eg er i dag har krongla seg til av seg sjølv, seier Anne Lise Økland.

– Utruleg kjekt å arbeida i helse- og omsorgssektoren

Kva valde du i 10. klasse, korleis har yrkeslivet vore, og kva gode råd har du? Det er nokre av spørsmåla i serien «Yrkesval».

Publisert Sist oppdatert
– Kva linje eller yrkesval gjorde du i 10. klasse og kvifor?
– Kva linje eller yrkesval gjorde du i 10. klasse og kvifor?

Yrkesval

Namn: Anne Lise Økland

Alder: 41

Bustad: Valevåg

Yrke: Sjukepleiar / doktorgradskandidat

– Eg valde Haugaland vidaregåande skule. Den gong heitte linja Grunnkurs helse og sosialfag. Om eg hugsar rett valde eg den linja fordi eg var skulelei og hadde eit inntrykk av at allmennfagleg utdanning var meir strevsamt. Fleire av venene mine valde også Haugaland.

– Kva vidare utdanning har du tatt etter det?

– Eg var veldig usikker på kva linje eg ville gå på, og har vore innom litt forskjellig før eg kjende meg på rett stad. Var innom barn- og ungdomsarbeidarfaget på vg1, men det var ikkje noko for meg. Enda opp med hjelpepleie og studiekompetanse, og bachelorgrad i sjukepleie etter nokre år i yrkeslivet.

– Kva jobbar du med i dag, og korleis har vegen dit vore?

– Eg er tilsett på høgskulen på Vestlandet (HVL) som høgskulelektor på bachelorutdanninga i sjukepleie. Har delvis permisjon frå denne stillinga og er for tida doktorgradskandidat.

– Vegen dit har krongla seg til av seg sjølv. Etter å ha arbeidd nokre år som hjelpepleiar i Haugesund, og Bergen fekk eg jobb i Spania på ein sjukeheim som var i oppstartsfasen. Utruleg kjekt å arbeida i helse- og omsorgssektoren, det gir mange val og moglegheiter. I tillegg treff ein så mange menneske i ulike livssituasjonar, på godt og på vondt.

– Etter halvanna år i Spania søkte eg sjukepleien i Haugesund og kom inn der. Har ikkje angra eitt sekund på det valet. Etter det har eg tatt årlege studiepoeng parallelt med barneproduksjon. Ei mastergrad i klinisk helse og omsorgsvitenskap, rehabilitering, psykisk helse hjå barn og unge, og pedagogikk.

– Doktorgradsstillinga har og krav om vidare utdanning, her har eg tatt mellom anna tatt vitskapelege metodar og vitskapsteori og korleis gjere ei systematisk kunnskapsoppdatering. Eg har interesse for forsking, og ved å ta ein doktorgrad er det fleire moglegheiter som opnar seg innan forskingsfeltet.

– Kva er ditt beste råd til 10. klassingane som snart skal søka vidare utdanning?

– Følg hjarta, og set det du har aller mest lyst til øvst på lista når du søker. Ikkje tenk så mykje på kva vener vel, men følg magefølelsen på kva som er rett for akkurat deg. Det er di framtid, og dine val.

– Ein vert kjend med mange nye når ein startar på vidaregåande skule, og ofte får ein nye vener og studiekameratar. Kunne eg vald på nytt hadde eg nok valt allmennfag i etterpåklokskapars namn. Det kan og vera lurt å ha ein reserveplan om ein ikkje får innfridd første valet. Det kan og vera at førstevalet ikkje kjendes rett ut likevel. Alt er greitt, og det er inga skam å snu om ein kjenner seg på feil plass. Til sist vil eg seie lukka til med yrkesval til alle 10. klassingane i Sveio.

Powered by Labrador CMS